Jula nærmar seg, og vi i U40 klarar rett og slett ikkje å vente. Difor tjuvstartar vi feiringa – med storskjerm, julestemning og filmen Violent Night under open himmel!
Fabel stiller med rykande varm gløgg og servering for dei som vil ha noko litt sterkare i koppen. Ta på deg varme klede, pakk med eit teppe og kom og del førjulsstemninga saman med oss.
Dette vert ein kveld med lys, latter og juleaction! Ta med deg dei du ynskjer å dele kvelden med! Vi gler oss!