Samtale: Forteljingar i arbeidslivet, 17 March | Event in Førde | AllEvents

Samtale: Forteljingar i arbeidslivet

Jakob Sande-senter for forteljekunst

Highlights

Tue, 17 Mar • 10:00 AM

1 hour

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway

38+ people are Interested
Advertisement

Date & Location

Tue, 17 Mar • 10:00 AM (CET)

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord

Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Samtale: Forteljingar i arbeidslivet
Kva for rolle speler forteljekunst i ulike bransjar? Kva utfordringar må aktørar i arbeidslivet navigere når det kjem til forteljing og formidling, til ulike målgrupper, på tvers av kulturar og i digitale flater? Korleis påverker KI kompetansebehova knytt til forteljing og formidling? Kva grunnlag bør skular og utdanning legge?

Under Sanderseminaret inviterer vi til ein spanande panelsamtale i Løa i Klokkargarden, med Rune Fossum Lillesvangstu frå NRK Nynorsk Mediesenter, Johanne Viken Sandnes frå Sparebank1 Sogn og Fjordane og Ingar Valvik frå Innovasjon Noreg Vestland. Samtalen blir leia av Tor Egil Furevikstrand, ass. rektor ved Dale vidaregåande skule.

Rune Fossum Lillesvangstu er journalist, forfattar og leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Han har vore fenrik i Forsvaret, har studert historie og statsvitskap, og arbeidd som sportsjournalist, vaktsjef og reporter på TV, radio og nett i Firda og NRK. Han har også gitt ut bok om idrettsheltar frå Sogn og Fjordane og om Førde idrettslag. Som leiar for NRK Nynorsk mediesenter lærar han opp nynorskbrukande journalistar for radio, fjernsyn, nett og sosiale medium.

Johanne Viken Sandnes er direktør for kommunikasjon og samfunn i Sparebank1 Sogn og Fjordane. Ho har tidlegare jobba som kommunikasjonsrådgjevar i TV 2 og i Knowit Experience. Sandnes sit i styret i Framtidsfylket. Ho har studert PR og informasjon ved Høgskolen i Volda.

Ingar Valvik er ny regiondirektør Innovasjon Noreg Vestland. Han har bakgrunn både frå bank- og kreditt, offentleg sektor og næringsliv i Vestland, og brei erfaring og kjennskap til næringslivet i vår region. Valvik er siviløkonom frå Noregs Handelshøgskule.

Tor Egil Furevikstrand er ass. rektor og norsklektor ved Dale vidaregåande skule. Han har leia faggruppa som har utvikla læreplanen for eit programfag i skapande skriving og forteljekunst.

Etter samtalen vert det lunsj i Løa.

Billett og lunsj må tingast på førehand. Følg lenkja over.


You may also like the following events from Jakob Sande-senter for forteljekunst:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Samtale: Forteljingar i arbeidslivet can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway
Reserve your spot

Host Details

Jakob Sande-senter for forteljekunst

Jakob Sande-senter for forteljekunst

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Samtale: Forteljingar i arbeidslivet, 17 March | Event in Førde | AllEvents
Samtale: Forteljingar i arbeidslivet
Tue, 17 Mar • 10:00 AM