Helge Johnsen med Viser og slikt har vore i studio og spelt inn nokre songar som vert sleppt der du høyrer musikk 12. desember.�Utgjevinga Alt er ei reise er viser om levd liv, framført av Helge Johnsen på song og gitar, Ove Mjåtveit på kontrabass og Ivar Bruvik Sætre på gitar. Dei byr på nye og gamle songar prega av vestlandsvemod, humor og sterke tekstar – viser for vaksne i alle aldrar.
I samarbeid med Teater Vestland og Røyst mat & vin inviterer vi til lunsjkonsert på Røyst i Nynorskhuset i Førde fredag 12. desember kl. 12.
Når desember er som mørkast, treng vi dei små pustepausane som gir varme, lys og påfyll. Denne konserten er nett ei slik stund – ei lun førjulsoppleving som gjer godt for både kropp og sjel.
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No
Undo
Interested
Ticket Info
To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.