

# Event Details

- **Event Name**: Konsert med Gabriels Novgorod i Løa 
- **Event Start and End Date**: Sat, 07 Mar, 2026 at 07:30 pm
- **Event Description**: Løa i Jakob Sande-tunet får igjen besøk av eit ensemble som har utvikla eit sterkt forhold til staden og publikumet her. Laurdag 7. mars kjem Gabriels Novgorod tilbake med musikk som smeltar saman tekstar av vestlandsforfattarar med melodiar frå Østersjøområdet.

Repertoaret omfattar finsk humppa, jiddisk tango, nordsvensk swing og valser, side om side med songar baserte på tekstar av Ragnar Hovland, Jon Fosse og Kjartan Fløgstad. Musikken er prega av fleire språk, fleire tradisjonar og eit samspel som har vakse fram gjennom mange år på scena.

I Gabriels Novogord møter du David Chelsom Vogt, Jørgen Sandvik, Kristoffer Chelsom Vogt og Gabriel Fliflet.

David Chelsom Vogt (fele, vokal) og stordabuen Jørgen Sandvik (gitar, vokal) har spelt saman sidan dei var barn. Mange kjenner dei frå Real Ones, som fekk Bylarmprisen i 2007 og Spellemannsprisen i både 2009 og 2013. Sandvik mottok òg Spellemannsprisen for si soloplate i 2018. Erfaringa deira frå både folk, rock og improvisasjon pregar samspelsforma i Gabriels Novgorod.

Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, vokal), som har motteke fleire prisar for arbeidet sitt, spelar både i Kniv og Taffel Swingjazzorkester og i fleire prosjekt saman med Fliflet, mellom anna Jon Fosse‑verket Åresong. Både han og Sandvik var sentrale i bestillingsverket Valseria til Vossa Jazz i 2013, og i prosjekta Sanger fra byen og Sevje.

Gabriel Fliflet (trekkspel/vokal) har vakse opp omgitt av songar på svensk, finsk, norsk, tysk og fleire andre språk. Han blei kåra til Årets folkemusikar i 2011, og mange kjenner han frå det langvarige samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre. I Gabriels Novgorod nyttar han mellom anna si inngåande kjennskap til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland.

Gabriels Novgorod blei danna i 2003 og har sidan spelt på scener som Festspillene i Bergen, Oslo World, Nattjazz, Fest i Fjaler, Førdefestivalen og Vossa Jazz. Musikarane har bakgrunn frå prosjekt som Real Ones, Fliflet/Hamre, Kniv og Taffel Swingjazzorkester og fleire bestillingsverk for Vossa Jazz. 

Velkomen til konsert!

Dørene opnar kl. 19.30. Konsertstart 20.30.

Open bar til 24.00. 

Foto i hendinga: Andreas Fliflet
- **Event URL**: https://allevents.in/f%C3%B8rde/konsert-med-gabriels-novgorod-i-løa/200029568189139
- **Event Categories**: concerts, music, entertainment, festivals
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 82

## Ticket Details

- **Ticket URL**: https://senterforforteljekunst.ticketco.events/no/nb/e/konsert_med_gabriels_novgorod_i_loea?utm_source=AllEvents.in&utm_medium=event-discovery-platform&utm_campaign=f%C3%B8rde-events

## Event venue details

- **city**: Førde
- **state**: SF
- **country**: Norway
- **location**: Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway
- **lat**: 61.36063
- **long**: 5.39737
- **full address**: Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway

## Event Organizer details

- **affiliate_id**: 2
- **organizer**: Jakob Sande-senter for forteljekunst (https://allevents.in/org/jakob-sande-senter-for-forteljekunst/24922743)

## Event gallery

- **Alt text**: banner
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events2/banners/d63303bf6f826269545b7055ff11968864953c96f0dd3c6d83e21c91c5f5c32e-rimg-w1200-h796-dc161a19-gmir?v=1772831509
- **Alt text**: thumbnail
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events2/banners/1b170b257a7c1ba0020fb5b7df616ea12848abf18592f58ad1077671609b25e1-rimg-w300-h300-dc171b19-gmir?v=1772831509

## FAQs

- **Q**: When is the event happening?
  - **A:** Sat, 07 Mar, 2026 at 07:30 pm
- **Q**: Where is the event happening?
  - **A:** Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, Norway
- **Q**: Who is organizing the event?
  - **A:** Jakob Sande-senter for forteljekunst
- **Q**: What type of event is this?
  - **A:** concerts, music, entertainment, festivals
- **Q**: Where can I find ticket details about Konsert med Gabriels Novgorod i Løa  ?
  - **A:** You can find ticket details about this event on AllEvents.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "MusicEvent",
        "name": "Konsert med Gabriels Novgorod i Løa",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events2/banners/d63303bf6f826269545b7055ff11968864953c96f0dd3c6d83e21c91c5f5c32e-rimg-w1200-h796-dc161a19-gmir?v=1772831509",
        "startDate": "2026-03-07",
        "url": "https://allevents.in/f%C3%B8rde/konsert-med-gabriels-novgorod-i-løa/200029568189139",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge",
                "addressLocality": "Førde",
                "addressRegion": "SF",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "61.36063",
                "longitude": "5.39737"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Løa i Jakob Sande-tunet får igjen besøk av eit ensemble som har utvikla eit sterkt forhold til staden og publikumet her. Laurdag 7. mars kjem Gabriels Novgorod tilbake med musikk som smeltar saman tekstar av vestlandsforfattarar med melodiar frå Østersjøområdet.\n\nRepertoaret omfattar finsk humppa, j",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Jakob Sande-senter for forteljekunst",
                "url": "https://allevents.in/org/jakob-sande-senter-for-forteljekunst/24922743"
            }
        ]
    }
]
```