Julekonsert med Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Kvaale.
Dei ti siste åra har Julesong hatt fulle hus på konsertar rundt om i Sogn og Fjordane.
I år er songarane i Julesong tilbake saman med erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle på strengeinstrument, Bjørn Tore Årøy på tangentar, Gjest Kvåle på gitar, John Børge Askeland på bass, og Trond Øyre med lyd- og lysdesign.
Konsertane som garanterer julestemning og gåsehud er sett saman av songar som høver til advents- og førjulstida.
Kremlaget som dannar “Julesong 2025” vil dei fleste kjenna att frå konsertane i åra før, og frå tidlegare julekonsertar og andre framsyningar i Sogn og fjordane dei siste åra. Og ikkje minst TV-programmet “NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 på julafta 2014.
Einar, kjend frå m.a. Folk Flest, syng mange av dei største jule-klassikarane, medan Gunn Marit syng nokre av dei mest kjende nye julesongane, og sin eigen julesong “Heim til deg” - som vart spelt mykje på NRK P1 nasjonalt i førjulstida/jula i fjor! Kari vil mellom anna bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar. Saman framfører dei og duettar og andre songar, som gir lys og varme i den mørke desembertida.
Set av kvelden slik at du kjem i julestemning i år du òg.
Stad: Storsalen, Sogn Kulturhus.
Dato og tid:
Fredag 12. desember kl. 20:00
Laurdag 13. desember kl. 17:00
Laurdag 13. desember kl. 19:30
Billettpris:
Ordinær: kr 480,-
You may also like the following events from Sogndal Kulturhus: