Julebord og party Laurdag 6. Desember
Dansemiljøa i Sunnfjord gjentar den kjekke tradisjonen. Vi inviterer til julebord med tradisjonell julemat på Viking. Etter maten blir det variert dansemusikk som passar for Vestlandsving, Boogie Woogie, Salsa, ispedd Bachata, Linedance og Argentinsk Tango.
Tid: Laurdag 06.12 kl.18:00 Julebord med tradisjonell julemat frå vestlandet.
Kl.20:00 Juleparty med dans, kaffi, kake og snacks
Dørene vert stengde under julebordet.
Prisar:
Julemiddag og party kr. 525,-
Julemiddag+riskrem og saus + party 550,-
Berre juleparty kr. 100,- (inkl kaffi, kake og snacks)
Billettsalg er åpent og frist 29/11 både for julemat og party. Dette for å kunne berekne mat og anna innkjøp. Drikke utover vatn og kaffi må kvar einskilt syte for sjølv.
meld deg på via linken og betal via vipps til Nr. #27739
Danseglade med venner er velkomne. Vi oppmadar fleire å delta på FUL sine sosiale tiltak som kurs og sosiale samlingar.
For «etternølarar» som vil kun på juleparty frå kl 20 vert det opna for å kjøpe billett i døra med kun Vipps. Men vi ønsker helst at denne billetten også blir forhåndskjøpt for best mulig tilrettelegging.
Vegetar og anna mat-alternativ må meldast. send melding på facebook.
Also check out other Entertainment events in Førde, Parties in Førde, Dance events in Førde.