Bli med på den legendariske avslutninga av den kritikarroste podcasten.
Kjenner du nokon som har bevegd på seg? Då er dette kvelden for deg! Opplev idrettsforskning som du aldri før har høyrt eller sett det, FOR SISTE GONG!
Kor snål og merkeleg er eigentleg sportsverda? Og kva slags snodige og morosame ting har det blitt forska på innanfor idrett?
Tom Erik Jorung Solstad og Matthew Peter Shaw er begge tilsette hjå Institutt for idrett, kosthald og naturfag, hjå Høgskulen på Vestlandet, og driv podcasten "Idrettsforskning - Formidlet Enkelt" .
Denne kvelden legg dei alle dei seriøse tema litt til sides, og fortel om det mest latterlege og underfundige dei har kome over, gjennom sine år med research til podcasten. Det vert informasjon som du ikkje visste at du hadde behov for å lære, det vert levande eksperimentering og publikum får anledning til å delta i programmet.
Du vert lagt opp til 3 stk 30 minutts bolkar, med musikk i pausane.
NB! Det vert snakka både engelsk OG austlandsk, so her må ein spisse øyrene og gjerne ta med fleirfaldige ordbøker.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 21. november. Dørene opnar kl. 19:00, showet startar kl. 20:00. Dørene stenger 22:30.
Billettpris:
Ordinær: 100 kroner.
Studentar: 50 kr.
Open Bar - 18 år leg plikt.
You may also like the following events from Sogndal Kulturhus: