

# Event Details

- **Event Name**: Bygdekveld med bondeforteljingar, ost og vin // Jølstraholmen landskapshotell
- **Event Start and End Date**: Wed, 19 Nov, 2025 at 08:00 pm
- **Event Description**: Velkomne til ein triveleg kveld på nye Jølstraholmen landskapshotell med gardshistorier og bondeforteljingar, eit festbord med norske ostar og vestavin i glaset. 

Denne helga reiser TINE sin osteekspert Katharina Sandberg Lund til Sveits for å vere dommar i årets VM. Over 300 norske ostar er påmelde. Når ho kjem heim, kjem ho rett til Jølster for å dele nokre av ostens  mange løyndomar og smaksgleder med oss. 

For norsk ost hevdar seg i verdstoppen. I ostedisken kan du legge merke til dei korte innhaldsforteikningane. Osten er laga på reine råvarer; Kanskje verdas finaste mjølk. 

Kvar byrja det norske osteeventyret? Kanskje byrja det med to tonn sveitserost som var rulla ned frå setra i Rausjødalen i 1856. Kanskje byrja det kring ystekara på støylane i vår eiga bygd, eller på meieria som fanst i kvar einaste grend. Denne kvelden vil Alf Støfring deler minne og forteljingar frå mjølkebøndene si kulturhistorie i bygda vår. 

Vel du norsk i ostedisken, vel du ein ost som er ysta på mjølk av aller beste kvalitet. Bøndene si omsorg for dyra og kunnskap om god dyrevelferd, aktiv beiting og rett foring gjer at vi har friske dyr og brukar lite antibiotika. Slikt blir det god ost av, men ikkje berre det: Slikt blir det også levande bygder, opne kulturlandskap og matsikkerheit i urolege tider av. 

Sjølv om bøndene har mykje til felles, skal vi også få høyre at det finst mange måtar å lage seg eit godt liv i landbruket. Denne kvelden møter vi tre par som satsar på å vere mjølkebønder i Jølster: Ragnhild Kjøsnes og Ole Langvik-Hansen på Kjøsnes, Sigbjørn Norddal og Ingrid Leknes Nygård i Sanddalen og Hilde og Ragnvald Søgnesand på Søgnesand. Saman med oss andre mjølkebøndene i bygda produserer dei snart ti millionar liter mjølk, kvart år. 

Mindre vanleg på våre kantar er det å vere vinbonde, men denne kvelden blir det vin frå Jølster i glaset, og ikkje berre ein! Vinpakkane frå Camilla Aasen i Vestavin er med og utan alkohol, og med tre glas i kvar. 

Velkomne når TINE Jølster produsentlag inviterer til bords med mjølkebøndene på Jølstraholmen landskapshotell! 

I samarbeid med TINE Ostacompagniet, Sunnfjord utvikling, Jølstraholmen landskapshotell, Vestavin m.fl.
- **Event URL**: https://allevents.in/f%C3%B8rde/bygdekveld-med-bondeforteljingar-ost-og-vin-jølstraholmen-landskapshotell/200029215529936
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 43

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Førde
- **state**: SF
- **country**: Norway
- **location**: Løa på Jølstraholmen
- **lat**: 61.48753
- **long**: 6.08427
- **full address**: Løa på Jølstraholmen, Jølstravegen 721, 6847 Vassenden, Norge, Førde, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Bygdekveld med bondeforteljingar, ost og vin // Jølstraholmen landskapshotell
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events4/banners/faea4f8fe81b7018e3808ef6c327d4d0fbb5977adcba6636b4cc610ce2f25a3a-rimg-w1200-h675-dc672902-gmir?v=1763482295

## FAQs

- **Q**: When and where is Bygdekveld med bondeforteljingar, ost og vin // Jølstraholmen landskapshotell being held?
  - **A:** Bygdekveld med bondeforteljingar, ost og vin // Jølstraholmen landskapshotell takes place on Wed, 19 Nov, 2025 at 08:00 pm to Wed, 19 Nov, 2025 at 08:00 pm at Løa på Jølstraholmen, Jølstravegen 721, 6847 Vassenden, Norge, Førde, Norway.
- **Q**: Who is organizing Bygdekveld med bondeforteljingar, ost og vin // Jølstraholmen landskapshotell?
  - **A:** Bygdekveld med bondeforteljingar, ost og vin // Jølstraholmen landskapshotell is organized by Med bonden til bords.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Bygdekveld med bondeforteljingar, ost og vin // Jølstraholmen landskapshotell",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events4/banners/faea4f8fe81b7018e3808ef6c327d4d0fbb5977adcba6636b4cc610ce2f25a3a-rimg-w1200-h675-dc672902-gmir?v=1763482295",
        "startDate": "2025-11-19",
        "url": "https://allevents.in/f%C3%B8rde/bygdekveld-med-bondeforteljingar-ost-og-vin-jølstraholmen-landskapshotell/200029215529936",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Løa på Jølstraholmen",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Jølstravegen 721, 6847 Vassenden, Norge",
                "addressLocality": "Førde",
                "addressRegion": "SF",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "61.48753",
                "longitude": "6.08427"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Velkomne til ein triveleg kveld på nye Jølstraholmen landskapshotell med gardshistorier og bondeforteljingar, eit festbord med norske ostar og vestavin i glaset. \n\nDenne helga reiser TINE sin osteekspert Katharina Sandberg Lund til Sveits for å vere dommar i årets VM. Over 300 norske ostar er påmeld",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Med bonden til bords",
                "url": "https://allevents.in/org/med-bonden-til-bords/27101412"
            }
        ]
    }
]
```