Har du lyst til å setja allmennkunnskapen din på prøve? 🤔
Då er Bokhandelen-quizen midt i blinken for deg!
Geir Snøva og Arve Larssen, dei eminente quizmasterane våre, inviterer til ein kveld full av finurlege spørsmål. 📝
✅ Vi har plass til ti lag, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar.
✅ Bokhandelens quizturnering går over tre kveldar i vår, og i tillegg til heider og ære får både fyrste-, andre- og tredjeplassen premie.
✅ Same kva plass du kjem på, er du med og sankar poeng til samanlagtplassering i turneringa.
✅ Laget som stikk av med turneringssigeren, får namnet sitt gravert på Bokhandelens gilde vandrepokal.
Meld på laget ditt innan klokka 20.00 kvelden før ved å senda ein e-post til
bGFpbGEgfCBnYW1sZWJva2hhbmRlbGVuICEgbm8= eller ei melding til Bokhandelen på Facebook. Påmeldinga kostar 40 kr per deltakar.
Måtte det beste laget vinne! 👏
You may also like the following events from Bokhandelen:
Also check out other
Contests in Dombås.