VAMP // Oseana, 20 November | Event in Bergen | AllEvents

VAMP // Oseana

Oseana kunst- og kultursenter

Highlights

Fri, 20 Nov, 2026 at 07:00 pm

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway

Advertisement

Date & Location

Fri, 20 Nov, 2026 at 07:00 pm (CET)

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

VAMP // Oseana
Velkommen til konsert med eit av Noregs mest folkekjære band, som har blitt ein del av den norske folkesjela gjennom sin kraftfulle viserock og sitt heilt spesielle uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk.

Gjennom godt og vel tre tiår har dei levert hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.

Kolbein Falkeids poesi spelte ei sentral rolle for bandets tekstuttrykk frå starten av, underbyggd av fengslande melodiar og rik instrumentering.

Vamp blei danna i Haugesund i 1991 og debutalbumet «Godmorgen, søster» kom ut i 1993. Det blei Spellemannpris på første forsøk, og dei fanga umiddelbart eit stort og godt publikum, som dei pleier kontinuerleg med omfattande turnering over heile landet.

I 2025 fullførte dei Vamp sin trilogi «I full symfoni», innspelt med KORK og Stavanger Symfoniorkester, med påfølgjande turné saman med dei største symfoniorkestra i landet.

Hausten 2025 sette dei opp teaterframsyninga «Våken Drøm», basert på Vamps låtunivers, der dei sjølve medverka på scena saman med skodespelarane.

Og første halvår 2026 er det duka for nok eit studioalbum.

Gjennom 18 plateutgjevingar har Vamp selt over ein million plater og mottatt fem Spellemannprisar, samt Prøysenprisen og Medaasprisen.

Med ein katalog breiddfull av kjende og kjære låtskattar som «Tir n’a Noir», «Månemannen», «Liten fuggel», «Ingeborg», «På bredden» og «13 humler», har Vamp blitt ståande som ein bautastein i norsk musikkliv med si unike evne til å kombinere tradisjon og samtid – og dermed funne vegen inn i hjarta hos fleire generasjonar av lyttarar.

Vamp består av:

Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Lars Eirik Støle: orgel, piano, synther, trekkspel, kor
Kjetil Dalland: bass



Varigheit: Omlag 90 minutt

Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har fri inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post cmVzZXBzam9uIHwgb3NlYW5hICEgbm8=


You may also like the following events from Oseana kunst- og kultursenter:

Also check out other Music events in Bergen, Entertainment events in Bergen, Concerts in Bergen.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for VAMP // Oseana can be booked here.

Advertisement

Nearby Hotels

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway
Reserve your spot
Ask AI if this event suits you

Host Details

Oseana kunst- og kultursenter

Oseana kunst- og kultursenter

Are you the host? Claim Event

Advertisement
VAMP // Oseana, 20 November | Event in Bergen | AllEvents
VAMP // Oseana
Fri, 20 Nov, 2026 at 07:00 pm