

# Event Details

- **Event Name**: Teater Vestland – Brørne Løvehjarte // Oseana
- **Event Start and End Date**: Fri, 28 Nov, 2025 at 06:00 pm
- **Event Description**: Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene – og om å finne motet i seg sjølv!

 Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døden finst knapt.

Historia handler om brørne Jonatan og Karl – eller Kavring som han også blir kalla. Dei er veldig glade i kvarandre, men Kavring har ein alvorleg sjukdom, og brørne veit at han kjem til å døy. Jonatan fortel at døden ikkje er farleg, for når ein døyr, så kjem ein til Nangijala – til eventyra og leirbålas rike på den andre siden av stjernene. Men Kavring er redd for å reise
dit åleine.

Og det slepp han.

For Jonatan dreg i forvegen til Nangijala. Og der skal dei to bu saman i Kirsebærdalen, i eit koselig, lite hus, og dei skal symje i elva og fiske ørret og ha kvar sin flotte hest som dei kan galoppere rundt på. Men alt er ikkje berre idyll i Nangijala heller. Den onde Tengel har kasta ein skugge over landet og trugar fridommen til folk. Brørne må kjempe saman for det gode, og Kavring må overvinne frykten og finne motet i seg sjølv. Det er lettare sagt enn gjort når Tengil har ein ildsprutande drage, men som Kavring seier: «Nokre ting må ein berre gjere. Elles er ein ikkje eit menneske, berre ein liten lort!»

 
I Miriam Prestøy Lie sin regi lagar vi ei rørande og spennande familieframsyning av denne vakre klassikaren. «Brørne Løvehjarte» er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Den Nationale Scene. Prestøy Lie har tidlegare hatt stor suksess med barneframsyningar som «Tordivelen flyg i skumringa» på Det Vestnorske Teateret og «Jenta med fyrstikkene» på Teater Vestland.

 
På scenen

Kunstnarleg lag

Av Astrid Lindgren

Omarbeidd av Toril Solvang

Regissør Miriam Prestøy Lie

Skodespelarar Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, m.fl.

Teaterforlag: Nordiska ApS – www.nordiska.dk

Brørne Løvehjarte er produsert i samarbeid med Den Nationale Scene.

Framsyninga varer i om lag 1 t 50 min, inkludert pause.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
- **Event URL**: https://allevents.in/bergen/teater-vestland-brørne-løvehjarte-oseana/200028131597147
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 108

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Bergen
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway
- **lat**: 60.18076
- **long**: 5.46636
- **full address**: Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Teater Vestland – Brørne Løvehjarte // Oseana
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events8/banners/8512b43f85391f0246d6f4e23af99e1e393a988078fa2302843468929d89ddf0-rimg-w1200-h628-dc2a0001-gmir?v=1763627101

## FAQs

- **Q**: When and where is Teater Vestland – Brørne Løvehjarte // Oseana being held?
  - **A:** Teater Vestland – Brørne Løvehjarte // Oseana takes place on Fri, 28 Nov, 2025 at 06:00 pm to Fri, 28 Nov, 2025 at 06:00 pm at Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway.
- **Q**: Who is organizing Teater Vestland – Brørne Løvehjarte // Oseana?
  - **A:** Teater Vestland – Brørne Løvehjarte // Oseana is organized by Oseana kunst- og kultursenter.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Teater Vestland – Brørne Løvehjarte // Oseana",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events8/banners/8512b43f85391f0246d6f4e23af99e1e393a988078fa2302843468929d89ddf0-rimg-w1200-h628-dc2a0001-gmir?v=1763627101",
        "startDate": "2025-11-28",
        "url": "https://allevents.in/bergen/teater-vestland-brørne-løvehjarte-oseana/200028131597147",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge",
                "addressLocality": "Bergen",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.18076",
                "longitude": "5.46636"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Rørande og spennande familieframsyning om søskenkjærleik på tvers av stjernene – og om å finne motet i seg sjølv!\n\n Astrid Lindgren sin klassikar om brørne Løvehjarte har trollbunde generasjonar av lesarar sidan den kom ut i 1973. Vakrare og klokare skildring av søskenkjærleik og barns møte med døde",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Oseana kunst- og kultursenter",
                "url": "https://allevents.in/org/oseana-kunst-og-kultursenter/20256717"
            }
        ]
    }
]
```