

# Event Details

- **Event Name**: Osterøy på tvers 2026
- **Event Start and End Date**: Sat, 06 Jun, 2026 at 08:00 am (+02:00)
- **Event Description**: Bli med på «Osterøy på tvers» laurdag 6. juni 2026! Fjelløpet startar på kaien i den vakre Bruvik-bygda og går 21,1 km over fjella til Hosanger med målgang på kaien ved Mjøsvågen Landhandleri. Her blir det «Osterøy på tvers-meny», premieutdeling og sosialt samvere for deltakarar og publikum. Det blir garantert mykje liv og heiing i målområdet. Turen blir ein spennande kraftprøve i vakker natur uansett om ein går eller spring. Meld deg på så snart som mogeleg, så har du målet i sikte - og sparar pengar på påmeldingsavgifta!

Starttidspunkt:
Turklassen har fleksibel start mellom klokka 8 og 9, med fellesstart klokka 9 for dei som ønskjer det. (Gje beskjed viss start før klokka 8.) Alle deltakarar i turklassen må registrera seg i startområdet ved Snarkjøp Bruvik og ved innkomst i mål. Meld frå viss du bryt! Dei som går, bør minst rekna 5 timar. I konkurranseklassen brukar dei beste rundt 2 timar. Konkurranseklassen startar klokka 11.

Påmelding:
Påmelding via EQ Timing: 
https://live.eqtiming.com/79128#dashboard

Tidtaking:
EQ Timing for konkurranseklassen. Her finn du resultatet ditt med ein gong du kjem i mål. Det blir også mellomtider i Turdalen på Myking.

Maks deltakartal:
Det er sett opp 500 som øvre grense for deltakartal, så ikkje nøl med å melda deg på!

Premiering:
Premiar til dei tre beste kvinner og menn og til alle klassevinnarane i konkurranseklassen. I turklassen blir det trekt ut premiar på startnummer. Diplom til alle som vil ha!

Løypa:
Løypa er ein halvmaraton (21,1 km) der mykje er på sti. Det er ei tøff og variert løype med ikkje så langt unna 1307 høgdemeter. Løypa blir godt merka med merkeband og pilar der det er fare for å ta feil veg.
Løypa går frå Bruvik kai – gamlevegen opp på Brøkdalen – stien til Borgasetra tar av eit stykke før Båtaleitet – sti vidare til Njåstad – beint opp frå Njåstad på grus og sti ned att til Kallekleiv, asfaltveg forbi Myking til Turdalen – sti til toppen Tveitafjellet 556 moh – fin fjellsti før litt bratt skogsterreng ned til Åsheim – gamlevegen på skogssti og asfalt ned mot Hosanger Montesorriskule – på grusvegen bak ungdomshuset og dei siste hundre metrane på asfalt til mål ved Mjøsvågen Landhandleri.
Dei i turklassen som ønskjer ein litt kortare tur, kan starta på Båtaleitet etter registrering på Bruvik.

Løypekart: https://www.strava.com/routes/3091651881001220108

Sporlaus ferdsel
Det vert sjølvsagt spor etter mange føter på stiane, men ut over det oppfordrar me deltakarane til mest mogeleg sporlaus ferdsel over fjella. Ta med deg boss eller kast det i søppelsekkane ved drikkestasjonane eller ved mål. Sauer og geit i marka gjer at ein må lata att grindene etter seg. 

Drikkestasjonar:
Borgasetra, Njåstad og Turdalen.
For dei i turklassen kan det løna seg å ha med ein liten sekk med drikke og nistepakke.

Startkontingent:
Konkurranseklasse kr 300 (1. mai aukar prisen til kr 350)
Turklasse kr 200 (1. mai aukar prisen til kr 250)
Born u/16 år kr 100 (1. mai aukar prisen til kr 150)
Deler av overskotet går til Barnekreftforeininga.

Transport:
For turklassen blir det sett opp to bussar frå Hosanger kyrkje klokka 07.45. Den passerer Lonevåg terminal 08.00 og Kvisti 08.15. Framme Bruvik 08.30.
For konkurranseklassen blir det sett opp bussar frå Hosanger 09.30. Den passerer Lonevåg terminal 09.45 og Kvisti 10.00. Framme Bruvik 10.15.
Påmelding transport på SMS 98679285 (Bjarte Lohne) innan 20. mai. Sørg for å bestilla transport i god tid. Det blir truleg fullt i bussane! Pris buss: 125 kr. Vipps Osterøy IL Friidrett 121337, merk "Buss".

For dei som parkerer bilen på Bruvik (ved kyrkja), vil me oppmoda til å ta med eventuelle haikande i krysset på Kvisti viss det står nokon der på veg til Bruvik. Samkøyring tilbake til Bruvik er også lurt. Du skal få sleppa å gå tilbake same veg, så ta kontakt med arrangøren i målområdet viss du manglar transport tilbake til start.

Bagasjetransport:
Det blir organisert transport av tøy og bagasje frå start til målområdet.

Toalett og garderobar:
Toalett i kyrkja ved parkeringa + ved start. Det er toalett ved mål og garderobar i Mjøsdalen Montesorriskule.

Sikkerheit:
Det er viktig å sko og kle seg etter vêrforholda. Ved mykje regn, kan det bli glatt i deler av løypa. Arrangøren tilrår sekk med ekstra tøy og mobiltelefon i vasstett pose for å melda frå om uhell undervegs. Deltakarar må vera merksame på at det er nokre bratte parti, m.a. ned frå Tveitafjellet, så her må ein avpassa farten etter forholda. Hjelp folk viss du ser dei har problem i løypa. Ring arrangøren (952 20 456) viss det oppstår skadar eller du må bryta.

Arrangørar:
«Osterøy på tvers» er eit samarbeidsprosjekt mellom fire idrettslag; Osterøy, Mjøsdalen, Fotlandsvåg og Bruvik. Ved spørsmål: kontakt Bjarte Vik (bjartevik30@hotmail, 456 02 908) eller Øystein Øvsthus (oystein@mjosmetall.no, 952 20 456).

Nettsider og Facebook:
Oppdatert informasjon om arrangementet vert etterkvart lagt ut på nettsidene til Osterøy IL og Mjøsdalen IL, på Facebook-sida til Osterøy på tvers og på denne Facebook-hendinga.

Tidlegare resultat 
2025: https://live.eqtiming.com/73872#result
2024: https://live.eqtiming.com/68895#dashboard
2023: https://mjosdalen.no/category/22 (dokument nederst på sida) Sjå mindre
- **Event URL**: https://allevents.in/bergen/osterøy-på-tvers-2026/200029897685816
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 112

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Bergen
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Bruvik-Hosanger
- **lat**: 60.577
- **long**: 5.4765
- **full address**: Bruvik-Hosanger, Osterøyvegen 2152, 5282 Lonevåg, Norge, Bergen, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Osterøy på tvers 2026
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events8/banners/b2ba95f996324500db9cae38c08bb8dfa4012da4d16b5fd8a4695289b1f2d381-rimg-w622-h893-dcfefefe-gmir?v=1775382616

## FAQs

- **Q**: When and where is Osterøy på tvers 2026 being held?
  - **A:** Osterøy på tvers 2026 takes place on Sat, 06 Jun, 2026 at 08:00 am to Sat, 06 Jun, 2026 at 08:00 am at Bruvik-Hosanger, Osterøyvegen 2152, 5282 Lonevåg, Norge, Bergen, Norway.
- **Q**: Who is organizing Osterøy på tvers 2026?
  - **A:** Osterøy på tvers 2026 is organized by Osterøy på tvers.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** Osterøy på tvers 2026 is ideal for sports fans, athletes, fitness enthusiasts, and anyone who loves the thrill of live competitive action and the energy of a crowd. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Bergen, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. With 110+ people already showing interest, this is clearly an event worth adding to your calendar - don't miss out.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Osterøy på tvers 2026",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events8/banners/b2ba95f996324500db9cae38c08bb8dfa4012da4d16b5fd8a4695289b1f2d381-rimg-w622-h893-dcfefefe-gmir?v=1775382616",
        "startDate": "2026-06-06T08:00:00+02:00",
        "url": "https://allevents.in/bergen/osterøy-på-tvers-2026/200029897685816",
        "eventStatus": "https://schema.org/EventScheduled",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Bruvik-Hosanger",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Osterøyvegen 2152, 5282 Lonevåg, Norge",
                "addressLocality": "Bergen",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.577",
                "longitude": "5.4765"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Bli med på «Osterøy på tvers» laurdag 6. juni 2026! Fjelløpet startar på kaien i den vakre Bruvik-bygda og går 21,1 km over fjella til Hosanger med målgang på kaien ved Mjøsvågen Landhandleri. Her blir det «Osterøy på tvers-meny», premieutdeling og sosialt samvere for deltakarar og publikum. Det bli",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Ostery p tvers",
                "url": "https://allevents.in/org/osterøy-på-tvers/27652035"
            }
        ]
    }
]
```