

# Event Details

- **Event Name**: nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER
- **Event Start and End Date**: Sat, 06 Dec, 2025 at 02:30 pm
- **Event Description**: Korleis fortonar musikk seg frå innsida? Annabel er pianist og øver inn ein liten vals for piano av den norske komponisten Fartein Valen. Ho vil så gjerne få musikken til å danse, men strevar med det. Difor inviterer ho Trommelars på vitjing. Kanskje han – saman med publikum – kan hjelpe henne?

I denne framsyninga stiller vi spørsmål ved kva det er som gjer musikk til musikk. Kvifor er stilla ein del av musikken? Kanskje finn dei nokre moglege svar saman med barna. Det er moro, vakkert og lærerikt – og det finst ikkje noko fasitsvar.

Tilrådd frå 5 år.

Framsyninga vart til etter ei bestilling frå Sveio kommune og hadde premiere under Valenfestivalen i april 2020. Musikken vi spelar og lyttar til er Fartein Valens klaverstykke Valse noble, opus 22. Vi har til no spelt over 60 framsyningar på små og store stader på Vestlandet, i tillegg til Lillehammer, Oslo, Stavanger Kammermusikkfestival og Valdres Sommarfestival 2022.

Annabel Guaita er klassisk pianist og musikkformidlar med lang røynsle som skulekonsertmusikar, føredragshaldar og musikkritikar. Ho har ein kunstnarisk doktorgrad på Fartein Valens pianomusikk, der ho utforska ulike måtar å spele musikken på. Jakta på å opne nye dører inn til denne musikken førte henne til Lars Kolstad.

Han er høgskulelektor i musikkpedagogikk, også kjend som Trommelars, og reiser rundt med bilen full av trommer – mellom anna i regi av Den kulturelle skulesekken. Han inviterer store og små til improvisert samspel under mottoet «Trom som du er». Hos han blir musikken til i augneblinken, i ein høgst levande og uforutsigbar prosess mellom menneske med svært ulik musikalsk bakgrunn.

Annabel og Lars har såleis svært ulik erfaring og tilnærming til musikk. Nettopp i kryssingspunktet mellom desse to perspektiva finn dei nye vegar inn i musikken – saman med barna.

Prosjektet er støttet av Furestiftelsen og Vestland fylkeskommune.

Varighet 1 time

Konserten finn sted i Auditoriet på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.

Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
- **Event URL**: https://allevents.in/bergen/nymusikk-krapyl-biblioteksmusikken-presenterer-nÅr-valen-danser/200029056146045
- **Event Categories**: music, entertainment
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 36

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Bergen
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Bergen Offentlige Bibliotek
- **lat**: 60.38988
- **long**: 5.33167
- **full address**: Bergen Offentlige Bibliotek, Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norge, Bergen, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events6/banners/c304ea1c81954cab00a9aec2d989f288fa9c0596d651fdd2ce582096e7a3d41a-rimg-w1200-h741-dc302d2a-gmir?v=1764997375

## FAQs

- **Q**: When and where is nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER being held?
  - **A:** nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER takes place on Sat, 06 Dec, 2025 at 02:30 pm to Sat, 06 Dec, 2025 at 02:30 pm at Bergen Offentlige Bibliotek, Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norge, Bergen, Norway.
- **Q**: Who is organizing nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER?
  - **A:** nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER is organized by NyMusikk Krapyl.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER is ideal for music lovers, fans of all genres, and anyone who wants to celebrate the power of music - from intimate gigs and live sessions to festivals and cultural performances. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Bergen, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. If nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER sounds like your kind of event, don't wait - spots fill up fast.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "MusicEvent",
        "name": "nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events6/banners/c304ea1c81954cab00a9aec2d989f288fa9c0596d651fdd2ce582096e7a3d41a-rimg-w1200-h741-dc302d2a-gmir?v=1764997375",
        "startDate": "2025-12-06",
        "url": "https://allevents.in/bergen/nymusikk-krapyl-biblioteksmusikken-presenterer-nÅr-valen-danser/200029056146045",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Bergen Offentlige Bibliotek",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norge",
                "addressLocality": "Bergen",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.38988",
                "longitude": "5.33167"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Korleis fortonar musikk seg frå innsida? Annabel er pianist og øver inn ein liten vals for piano av den norske komponisten Fartein Valen. Ho vil så gjerne få musikken til å danse, men strevar med det. Difor inviterer ho Trommelars på vitjing. Kanskje han – saman med publikum – kan hjelpe henne?\n\nI d",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "NyMusikk Krapyl",
                "url": "https://allevents.in/org/nymusikk-krapyl/20214450"
            }
        ]
    }
]
```