Det er også mulighet for å delta digitalt!
Målgruppe:
Arrangementet er for utskolerte mentorar og fagpersonar frå RVTS Vest sin nasjonale mentoropplæring og andre som arbeider i eller med mentorordningar der radikalisering og valdeleg ekstremisme er tema.
Tema:
"Å bygge motstandskraft"
Førebygging i møte med ekstremisme, nettkultur og autoritære strømninger. Korleis kan vi styrkje unge og vaksne sin motstandskraft mot radikalisering, nettpåverknad og destruktive maskuline ideal?
Gjennom føredrag, dialog og erfaringsutveksling rettar vi søkelyset mot aktuelle strøminger som incelkultur, giftig maskulinitet, fascisme og autoritære tendensar – og korleis desse kan førebyggjast gjennom tverrfagleg samarbeid, mentorarbeid og kunnskapsbaserte tilnærmingar.
Vi får også innblikk i av-radikaliseringsarbeid med fokus på miljøterapeutiske tilnærmingar og traumeinformert mentoring. Saman utforskar vi korleis vi kan byggje resiliens gjennom kollektive motnarrativ.
Vi har med oss:
- Forskarar frå Reform – ressurssenter for menn, som vil førelese om gutar si påverknad frå Andrew Tate, sosiale medium og maskuline ideal.
- Hilmar Mjelde, professor i statsvitskap og vår eigen USA-ekspert, tek oss med inn i fascismens landskap med utgangspunkt i dagens geopolitiske situasjon og framveksten av autoritære trender.
.
- Mona, tidlegare HX-mentee, om vegen inn og ut av ekstremisme og Cecilie Nilsen, koordinator for mentorordninga og TOT Radikalisering i Bergen kommune.
Representantar frå ulike mentorordningar i dei ulike regionane.
RVTS-representantar frå alle regionane som vil fasilitere og leie dagen gjennom dialog og refleksjon.
Målsetning:
Fagleg påfyll, erfaringsdeling og nettverksbygging på tvers av profesjonar og regionar.
You may also like the following events from RVTS Vest: