Åtvaring: Satirisk tekst, ei hyllest til demokratiet på både globalt og lokalt nivå, ei feiring av Nobels fredspris 2025 til Maria Corina Machado. Les til endes for invitasjon til Juleverkstad 2025.
INTRIGEMAKERIET – SAMLING FOR DEG SOM TEK KONFLIKTAR PÅ ALVOR
Har du alltid drøymt om å skapa litt ekstra spenning i kvardagen?
Synest du det vert for lite drama i laget, på jobben eller i venegjengen?
Vel møtt til Intrigemakeriet, eit lavterskeltilbod for deg som vil perfeksjonera kunsten å røra litt i gryta.
👀 Ingen forkunnskapar? Ingen problem!
Nybyrjarar får tett oppfølging og tilrettelegging – du treng verken erfaring med bakromsprat eller hersketeknikkar frå før.
Me tek deg steg for steg gjennom heile prosessen – frå dei første misforståingane, via velplasserte sukk og blikk, til fullblomstrande dramatikk.
💅 Du vil læra å:
– så splid med eleganse
– halda maska mens du plantar små gneister
– bruk av sarkasme
– usynleggjering
– gje tvetydige kompliment med sukkersøt stemme
– korleis leita etter feil hjå andre
📍 Stad: Intrigemakeriets Hemmelege Hovudkvarter
🕒 Tid: Utide
💰 Pris: Gratis, men ta gjerne med eigne fordomar
Servering:
Intriger med glasur
Konfliktkake
Krem og konspirasjonar
Rullekake med rykter
Dram à la creme
Sjokoladeintriger
Og sjølvsagt langkokte konfliktar
Kom, og ta del i eit miljø kor me ikkje berre snakkar bak ryggen – me legg tilrette for at andre kring oss gjer det same.
For deg som meiner at harmoni er oppskrytt, og som veit at eitt lite rykte kan gje store resultat.
Er ikkje dette noko for deg? Kom heller til ADHD Norge Bergen lokallag sin juleverkstad, kor me lagar julekort og smellbonbon med ekte knall som smell for fred og inkludering, drikk gløgg og et peparkaker. Det vert også gymsalaktivitetar og senoirar er også hjarteleg velkomne!
I samarbeid med Psykiatrialliansen og Stiftelsen Betanien.
You may also like the following events from ADHD Norge Bergen Lokallag:
Also check out other
Performances in Bergen,
Arts events in Bergen,
Theatre events in Bergen.