Search results for:
No result found! Try with different keywords!
Users
Organizers
Events

BTC - Triathlonkarusell 2019 Runde 8 Triathlon

Advertisement

BTC - Triathlonkarusell 2019 Runde 8 Triathlon


BTC - Triathlonkarusell 2019 Torsdag 5. Sept. - Runde 8 Triathlon

**Har du aldri deltatt før; les info under & sjå løypevideoer**

Stad : Alvøen Roklubb, Alvøveien 175 (heilt nede på ferjekaien og vidare inn grusveg til høgre bak bom) - Parkering: ved forsamlingshuset, Alvøveien 158 - ca 250m fra parkering til start (siste til venstre før kaien), pakk gjerne i sekk og rull ned på sykkel. Begge punkt markert i kart: https://goo.gl/ZoAQ8P

Tid: Info om løyper blir gitt 19.00 sharp med våtdrakt på kroppen. Våtstart kl 19.10.

Vakt: Det er ingen tidtaking i karusellen, men det er mulig å melde seg inn i BTC - Triathlonkarusellen på Strava: https://www.strava.com/clubs/BTC_karusell Her ligger aktivitetane til deg og dei andre som var med knytta inn mot segment som er lenka inn under i denne tekst.

Pr. gjennomføring så trenger me nokon som kan passe på utstyr. Dette kan med fordel være samboar/ektefelle el. eldre barn, alternativt så trekker me mellom deltakarane som må stå igjen som vakt.

Swim: 2 rundar à 375m http://kart.gulesider.no/m/nPiy7

Ride: 18 km https://connect.garmin.com/modern/activity/379303418
Video av løype:
Youtube Video

Løypekart: https://goo.gl/nPcjzc
STRAVA segment: https://www.strava.com/segments/20080212

Run: 5 km https://connect.garmin.com/modern/activity/379303427
Video av løype:
Youtube Video

Løypekart: https://goo.gl/CUXSb3
STRAVA segment: https://www.strava.com/segments/20080152

PS: du står fritt til å velge distanse og øvelsar. Dette er trening og ein velger sjølv kva som blir fokus (eks. restitusjon, skiftesoner osv). Merk at du må være medlem av BTC og ha betalt treningsavgift for å delta.

Info om trasèar
Generelt - merker på asfalt er ikkje like tydelige alle plassar; sjå gjennom video om du ikkje er kjent.

SVØM
Svømming i sjø der det kan forekomme båttrafikk. Ta med personlig bøye for open water-svømming om du har i tillegg til badehette i sterke fargar.

SYKKEL
Du syklar frå Alvøen og til høgre i hovudvegen, innom Håkonshella på vegen utover og inn til snuplass ytterst på Håkonshella.
Returner til hovudvegen og vidare til høgre mot Vestkanten. Forbi Haakonsvern og vending ved første rundkjøring overfor Vestkanten. Retur direkte til Alvøen (ikkje innom Håkonshella på retur).

Sykkeltrasè går på hovedsakling god veg med korte smale partier. Minner om at normale trafikkreglar gjelder og at sjølv om du har forkjørsrett så er det fortsatt sannsynlig at du tapar kampen med bilen. Du har på retur vikeplikt for høgre i kryss v/ Ramsvikveien ned mot Alvøen.

LØP
Frå Roklubben er det opp i hovedvegen og til venstre inn på gangveg, deretter over veg på fotgjengarovergang og sti opp på høgre side av vegen til liten plass. Ta ned til høgre på sti og følg sti i skogen til idrettsparken der du tar til høgre & høgre ved kunstgrasbane. Følg deretter merker på trær inn til lysløype og returner tilbake til Roklubben etter 1 runde i lysløypa. Følg grus "rett fram" heile lysløypa.

Løpstrasè går i kombinasjon mellom asfalt og grusveg med litt stigningar og anna moro. Det er derfor ingen rekordløype for ny pers, men ei utfordrande treningsløype som bidrar til styrke, teknikk og balanse (les: kondisjon & skadeforebygging!).

Håpar mange har lyst til å delta; Velkomen til alle!


Komande datoar:
**Siste gjennomføring for 2019-sesongen**



You may also like the following events from Bergen Triathlon Club:

Map Alvøen Roklubb, Alvøveien 175, 5179 Godvik, Hordaland, Norway, Bergen, Norway
Report a problem

Are you going to this event?

Organizer

Bergen Triathlon Club
Advertisement

More Events in Bergen

Explore More Events in Bergen