

# Event Details

- **Event Name**: Brakefestivalen: Open dag
- **Event Start and End Date**: Sat, 05 Sep, 2026 at 12:00 pm – Sat, 05 Sep, 2026 at 04:00 pm (+02:00)
- **Event Description**: Velkomen til open dag under Brakefestivalen på Osterøy museum!

Brake, eller einer, er ein plante med mange bruksområde, og har hatt ei heilt sentral rolle i livet på Osterøy. Brake er Osterøy sin kommuneplante, og har gjennom tidene vore brukt til alt frå krydder i mat og brennevin til medisin og trevirke. Under Brakefestivalen feirar vi denne allsidige planten og tradisjonane som er knytte til han.

På open dag inviterer vi til eit variert og levande program for både store og små. Her kan du bli med på kurs, delta på aktivitetar, prøve seg på brakekledning, gå på omvising og oppleve konsert – eller berre nyte stemninga på museet.

Det blir aktivitetar for heile familien, og høve til å lære meir om både natur, handverk og tradisjonar knytte til brake og kulturhistoria på Osterøy.

Arrangementet er gratis og opent for alle. Vi gler oss til å sjå deg!


Program: 

Bli med å prøv brakekledning m/Tove Mostraum og Rune Johnsen

Når: 12:00-13:30 og 14:00-1600

Det blir demonstrasjon av brakekledning med Tove Mostraum og Rune Johnsen frå Havrå. Brakekledning er ein type luftig kledning av brake (einer) som særleg har blitt brukt på løer. Kledningstypen er mykje brukt her på Osterøy. Bli med å lær korleis ein gjer det og prøv sjølv. 

 

Famileomvising: Bruk av brake gjennom historien 

Når: 13:00-14:00

Bli med på omvising i dei gamle husa i museumstunet. På omvisinga skal vi ta deg gjennom bruk av brake gjennom historia, både når det kjem til mat, drikke, vasking og overtru. Omvisinga er gratis å delta på, men det er avgrensa med plassar. Sikre deg ein billett i lenka under.

 

Flett ein kunstinstallasjon i museumstunet m/korgflettar Coline Bouquin

Når: Heile dagen

Har du lyst å prøve korgfletting? I lag med korgflerrar Coline Bouquin skal vi i fellesskap flette ein større kunsinstalasjon i tunet. Vi skal bruke same teknikk som i korgfletting, berre i eit større format og med ulike typar treverk.  

 

Spikking for alle aldrar m/Karianne Harstad

Når: 12:00-14:00 og 14:30-1600

Bli med å prøv spikking i aktivitetshuset i museumstunet. Spikkinga passer for heile familien.

 

Brakekjøkken i Heimvikstova

Når: Heile dagen 

Inne i Heimvikstova blir det ein stasjon der du kan sjå, lukte og smake på alt brake. 

 

Kunstnarsamtale med Vigdis Valde

Når: 12:00 

Samtale om framarbeidinga og arbeidet med utstillinga "Stille klang av samspel" som står i Solbjørstova. 

 

Bli med på kurs: 

Under festivalen foregår det fleire kurs. Det blir kurs i brygging av øl med brake, såpekurs og kurs i bygging av eit røykeri. Kursa foregår rundt omkring i tunet og det blir mogleg å observere delar av dei. Dersom du ønskjer å delta på kurs, så må du kjøpe billett. 

 

Kafé i Revheimstova

Når: 12:00-16:00

Det blir kafe med god mat og drikke i Revheimstova. 

 

Rebusløp, stylter og hesteskokasting

Det blir rebusløp for barn og familier der du kan vinne premie. I tunet er det mogleg å prøve å gå på stylter og hesteskokasting. 

 

Konsert: “Rundt Tussebordet på Seim”

Når: 16:00

Folkemusikere Lovise Espeland og Johanna Seim samler publikum rundt det sagnomsuste “Tussebordet på Seim”, og tar publikum med på en musikalsk reise til Nordhordaland. Sagn og fortellinger flettes sammen med folkesanger og hardingfeleslåtter, og gir en tidvis drømmende, tidvis humoristisk opplevelse av nostalgi og eventyrlighet. Musikken utgjør et variert repertoar med vakre ballader, dansbare slåtter, morsomme viser og sørgmodige stev.

For å bli med på konserten må du kjøpe billett.

 

Besøk utstillingane våre: 

Vi har utstillingane "Handboren", "ÅKLE" og "Stille klang av samspel" som er open for alle.
- **Event URL**: https://allevents.in/bergen/brakefestivalen-open-dag/200030232882801
- **Event Categories**: concerts
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 650

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Bergen
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Gjerstad, 5282 Lonevåg, Norway
- **lat**: 60.50097
- **long**: 5.54979
- **full address**: Gjerstad, 5282 Lonevåg, Norway, Bergen, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Brakefestivalen: Open dag
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events1/banners/26db3d8adf6bd92878ef3e10ff419c93d80ba15e723c9fe9970ab5b6c56d614a-rimg-w1200-h675-dce8c8b8-gmir?v=1787688568

## FAQs

- **Q**: When and where is Brakefestivalen: Open dag being held?
  - **A:** Brakefestivalen: Open dag takes place on Sat, 05 Sep, 2026 at 12:00 pm to Sat, 05 Sep, 2026 at 04:00 pm at Gjerstad, 5282 Lonevåg, Norway, Bergen, Norway.
- **Q**: Who is organizing Brakefestivalen: Open dag?
  - **A:** Brakefestivalen: Open dag is organized by Osterøy museum.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** Brakefestivalen: Open dag is ideal for festival lovers, culture enthusiasts, and anyone looking for a vibrant, immersive community experience. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Bergen, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. With 650+ people already showing interest, this is clearly an event worth adding to your calendar - don't miss out.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Festival",
        "name": "Brakefestivalen: Open dag",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events1/banners/26db3d8adf6bd92878ef3e10ff419c93d80ba15e723c9fe9970ab5b6c56d614a-rimg-w1200-h675-dce8c8b8-gmir?v=1787688568",
        "startDate": "2026-09-05T12:00:00+02:00",
        "endDate": "2026-09-05T16:00:00+02:00",
        "url": "https://allevents.in/bergen/brakefestivalen-open-dag/200030232882801",
        "eventStatus": "https://schema.org/EventScheduled",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Gjerstad, 5282 Lonevåg, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "name": "Gjerstad, 5282 Lonevåg, Norway, Bergen, Norway",
                "addressLocality": "Bergen",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.50097",
                "longitude": "5.54979"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Velkomen til open dag under Brakefestivalen på Osterøy museum!\n\nBrake, eller einer, er ein plante med mange bruksområde, og har hatt ei heilt sentral rolle i livet på Osterøy. Brake er Osterøy sin kommuneplante, og har gjennom tidene vore brukt til alt frå krydder i mat og brennevin til medisin og t",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Ostery museum",
                "url": "https://allevents.in/org/osterøy-museum/19496419"
            }
        ]
    }
]
```