

# Event Details

- **Event Name**: Boknatta 2026
- **Event Start and End Date**: Sat, 20 Jun, 2026 at 12:00 am – Sat, 20 Jun, 2026 at 11:00 pm
- **Event Description**: Med atterhald om endringar. Billettlenkje: https://tikkio.com/events/63476

12.00
Opning
Offisiell opning av Boknatta med tale og kulturelt innslag.
Stad: Ferjekaia
Gratis

12.30
Tusund og to historier på Tusund og ei natt
Forteljarstund med Sultanen av Yoggurht

Sultanen av Yoggurht ønskjer alle barn velkommen inn i Bokbyens største bokutsal: Tusund og ei natt. Her får du ikkje berre høyra røvarhistorier frå 1001 natt, men kanskje også vera med og skapa ei forteljing til natt nummer 1002?

Med: skodespelar og forfattar Adele Lerum Duus. 
Stad: Tusund
Gratis

12.30
Frykta, vreiden og galskapen 
Føredrag med Vegard Tenold Aase

Aase levde fem år tett på den ytste, mest ekstreme høgresida i USA. Boka hans om opplevinga, “Alt du elsker, skal brenne” (2018), vart godt motteke av anmeldarane på begge sider av Atlanteren. Aase har måtta tola truglsar og mediestorm i USA for yringane sine om Donald Trump. No kjem han til Boknatta for å fortelja om opplevingane sine i eit splitta land. 

Vegard Tenold Aase er ein prisvinnande norsk journalist utdanna ved Columbia University. Han har jobba for Dagens Næringsliv, The New York Times og Rolling Stone Magazine.

Stad: Epos
Festivalpass

13.00 og 15.00
The Librarians
Filmframsyning

Aldri før har så mange bøker vorte freista fjerna frå amerikanske skulebibliotek. I filmen “The Librarians” møter me nokre av bibliotekarane som blir utsette for trakassering, truslar og nye lover som vil kriminalisera arbeidet dei gjer. I eit stadig meir polarisert USA, der både lese- og ytringsfridommen er under angrep, gir filmen eit sterkt innblikk i enkeltmenneske som utgjer førstelinja til demokratiet. Filmen hadde premiere på Sundance-festivalen i januar 2025, er regissert og produsert av Oscarnominerte Kim Snyder, og med på produksjonssida er også Sarah Jessica Parker. 

I samarbeid med Norsk PEN avdeling Vestlandet

Stad: Gamleposten
Festivalpass

13.00-18.00
PEN postkortaksjon

Norsk PEN Vestland og Bokbyen inviterer publikum til å skriva ei helsing til fengsla og forfølgde forfattarar, journalistar og bloggarar over heile verda. Korta er laga av PEN-medlemmer og fribyforfattarar i Noreg.

I samarbeid med Norsk PEN avdeling Vestlandet

Stad: Gamleposten
Gratis

13.30
I fantasiens (s)eng
Dokketeater og dokkeverkstad.

"I fantasiens (s)eng" er løyst basert på ei persisk forteljing og bok, skrive av Mohamad Hadi Mohamadi, "In the Meadow of Fantasies" Det er ei forteljing om inkludering og mangfald. Hovudpersonen er handikappa og kompenserer for det ved hjelp av fantasien sin. 
			
Med: Fatima Ayreek, Azadeh Javanmard og Jan Holden. 
Stad: Fjærland oppvekstsenter
Gratis

13.30
Boktrykkjekunst og kuriositetar
Føredrag med Simone Stibbe

Skald forlag er kjent for å gi ut berekraftige og vakre kvalitetsbøker. I dette føredraget vil forlagssjef Simone Stibbe dela av kunnskapen sin om bokproduksjon i ein praktisk gjennomgang av innbinding, materiale, trykkjeteknikkar, osb. Publikum blir oppmoda til å ta med eigne bøker å visa fram. Stibbe har valt seg nokre godbitar frå Bokbyens store samling. Mat for Mons! Og alle bokormar. 

I samarbeid med Tekstallianse.

Stad: Epos
Festivalpass

14.30
Sjelesorg
Litterær samtale med Dag Johan Haugerud

I Dag Johan Haugeruds siste roman, Sjelesorg, møte me Thomas, som arbeider som diakon i Paulus meinigheit i Oslo. Paradoksalt nok er han ikkje kristen – ei grunnleggjande spenning som stadig gir opphav til misforståingar og indre konflikt. Boka har fått strålande kritikkar, og er nominert til Nordisk råds litteraturpris. Dag Johan Haugerud er også kjent for ei rekkje prisvinnande og kritikarroste filmar, sist trilogien Sex, Drømmer og Kjærlighet. Draumar er nominerte til Nordisk råds filmpris.

I samarbeid med Rom for Ord. 

Samtaleleiar: Janne Karin Støylen
Stad: Fjærland kyrkje
Festivalpass

15.00
Microbingo!
Familiekonsert og bingo med Microbandet

Hurra! Brit Aksnes (gitar og vokal) og Kjersti Døssland (Yamaha-synth og vokal) kjem til Boknatta. Aldri vore på bingokonsert med Microbandet? Skandale! Dei har i fleire år hygga mange og ikkje minst seg sjølve med bingo krydra med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Og alle stiller likt. Vassendgutane og Britney Spears får same generøse behandling av Microbandet. Under mottoet ”ingen forventningar” innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo.

Me stiller med bongar og pennar, du stiller med positiv innstilling! 

Stad: Ferjekaia
Gratis


15.00
Jakta på Seven Summits
Føredrag med Cato Risløw

Cato Risløw er ein lidenskapeleg eventyrar, lærar og trebarnspappa frå Øygarden. Oppvaksen ved havet, men drivkrafta hans strekk seg mot himmelen – heilt frå der havet endar og dødssona byrjar. Med si ambisiøse visjon «Frå flatt hav til verdas tak» har han dei siste tjue åra klatra seg opp på dei sju mest ikoniske toppane på dei sju kontinent – frå Elbrus via Kilimanjaro, og vidare til Aconcagua, Denali, Kosciuszko, Mount Vinson i Antarktis til Mount Everest i Asia. I dette føredraget opnar han opp om dei 48 mest intense timane i dødssona – kor sekundene tel, kvardagslivet hamnar langt unna, og naturkreftene hiv deg mellom liv og død.

Arrangør: Fjærland Guiding. 
Stad: Meieriet. 
Obs! Krev ikkje festivalpass

16.00
Jaja LIVE med Kjartan Hatløy

Jaja er eit tidsskrift om og med forteljekunst frå Jakob Sande - senter for forteljekunst, som skal få fram meir allsidige forteljingar frå bygd og by. Tema for neste nummer er kropp og forteljing, og me får prøvesmaka når poet Kjartan Hatløy les nyskrivne dikt frå utgåva. Hatløy vil òg lese frå si seinaste diktsamling Mot kaos (Forlaget Oktober). 

Konferansier: Redaktør for Tidsskriftet Jaja, Tora Hope
Stad: Epos
Festivalpass

17.00
Tro, tvil og tvisyn
Dag Johan Haugerud og Ragnar Hovland har begge vokst opp i kristne hjem. Haugeruds familie var del av en frikirke-menighet. Hovlands far var prest, og farfaren var biskop. Ingen av forfatterne er selv religiøse. Vi har invitert de to til en samtale om tro og tvil, og hvordan deres oppvekst har formet deres forfatterskap og livssyn. 

Samtaleleiar: Brit Aksnes
Stad: Fjærland kyrkje
Festivalpass

18.00
Skriveliv
Samtale med Sophie Isachsen

Frå å starta sitt skriveliv på jenterommet i Harstad på blogg.no til å bli ein av Noregs største medieprofilar, har litteraturen vore ein trufast følgjesvein i Sophie Isachsens makelause liv. Dei siste åra har han fått stadig større plass i det Isachsen frontar i offentlegheita. I tillegg til å framsnakka lesing generelt, har særleg nynorsken vorte løfta fram som ein favoritt. Det siste til glede og begeistring hos målrørsla. Me har invitert den nyslåtte leseambassadøren til ein samtale om korleis skrivinga og kjærleiken til litteraturen har prega livsløp og livssyn.

Samtaleleiar: Jens Kihl. 
Stad: Ferjekaia
Festivalpass

19.00
BalkanBeatBokBad
Samtale og konsert

Som NRKs korrespondent på Balkan, sit Roger Sevrin Bruland på ein haug av sprø historier frå Bosnia, Makedonia, Serbia og meir. Og dei vil han dela med oss på Boknatta! Trekkpiller og serbar Jovan Pavlovic set musikk og stemning til Brulands historier. - Ein sjeldan gong treffer eg nordmenn som har like svart humor som det finst på Balkan. Ein av dei er Roger Sevrin Bruland, seier Pavlovic. Dette blir herleg og heftig. Bruland er aktuell med boka “Team Berlin” om tida som utenrikskorrespondent. 

Stad: Ferjekaia
Festivalpass

20.00
Sophies val
Litterær samtale med Sophie Isachsen og Ragnar Hovland

Den siste tida har forfattar og influenser Sophie Isachsen vorte ein ivrig framsnakkar av lesing og nynorsk litteratur. Bokbyen har bede Isachsen ønskja seg ein forfattar å møta til samtale om bøker og bok. Ho har valt seg Ragnar Hovland, og Hovland var ikkje vond å be. Ragnar Hovland er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Samtaleleiar: Jens Kihl
Stad: Ferjekaia 
Festivalpass

21.00
Med pennen og poesien som sverd
Opplesing og samtale med Asieh Amini

Asieh Amini (f. 1973, Iran) er poet, journalist og aktivist. Ho studerte journalistikk ved Allameh Tabatabaie University i Tehran, og har ein master i kulturstudium (likestilling og mangfald) frå NTNU. Ho jobba for ei rekke aviser og magasin då ho budde i Tehran. Aminis kamp mot dødsstraff og for kvinners rettar har vekt mykje merksemd, men har også ført til vanskar for ho personleg. Etter eit kontroversielt presidentval i 2009 forlet Asieh Amini Iran og kom til Noreg som fribyforfattar. Ho har gitt ut tre diktsamlingar i Iran og Noreg. Amini kjempar framleis for ytringsfridom, og var styremedlem i Norsk PEN frå 2016–2018. 

I samarbeid med Norsk PEN avdeling Vestlandet

Samtaleleiar: styreleiar i Norsk PEN Vestland, Vibeke Kohler.
Stad: Ferjekaia
Festivalpass

22.00
Dei nye kapellanane
Konsert

- Dei nye kapellanane er ei gruppe som er forsøkt avvikla fleire gonger men som faen ikkje gjer seg. Slik presenterer dei seg sjølve. Ragnar Hovland er frontfigur i gruppa som kombinerer humor og sjarm med  nynorsk populærmusikk og råkkenråll. 

Stad: Epos
Festivalpass

Med atterhald om endringar. Billettlenkje: https://tikkio.com/events/63476
- **Event URL**: https://allevents.in/bergen/boknatta-2026/200030137789427
- **Event Categories**: Concerts, Art, literary-art, Business
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 254

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Bergen
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Den norske bokbyen
- **lat**: 60.57267
- **long**: 5.34801
- **full address**: Den norske bokbyen, Mundal,Knarvik, Bergen, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Boknatta 2026
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events10/banners/042722fda670a2879b764466ec9a0d1003669ff7b13eee5f19c7533a54c6633d-rimg-w1200-h600-dcf0f0f0-gmir?v=1780496456

## FAQs

- **Q**: When and where is Boknatta 2026 being held?
  - **A:** Boknatta 2026 takes place on Sat, 20 Jun, 2026 at 12:00 am to Sat, 20 Jun, 2026 at 11:00 pm at Den norske bokbyen, Mundal,Knarvik, Bergen, Norway.
- **Q**: Who is organizing Boknatta 2026?
  - **A:** Boknatta 2026 is organized by Den norske bokbyen.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** Boknatta 2026 is ideal for festival lovers, culture enthusiasts, and anyone looking for a vibrant, immersive community experience. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Bergen, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. With 250+ people already showing interest, this is clearly an event worth adding to your calendar - don't miss out.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Boknatta 2026",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events10/banners/042722fda670a2879b764466ec9a0d1003669ff7b13eee5f19c7533a54c6633d-rimg-w1200-h600-dcf0f0f0-gmir?v=1780496456",
        "startDate": "2026-06-20",
        "endDate": "2026-06-20",
        "url": "https://allevents.in/bergen/boknatta-2026/200030137789427",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Den norske bokbyen",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Mundal,Knarvik",
                "addressLocality": "Bergen",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.57267",
                "longitude": "5.34801"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Med atterhald om endringar. Billettlenkje: https://tikkio.com/events/63476\n\n12.00\nOpning\nOffisiell opning av Boknatta med tale og kulturelt innslag.\nStad: Ferjekaia\nGratis\n\n12.30\nTusund og to historier på Tusund og ei natt\nForteljarstund med Sultanen av Yoggurht\n\nSultanen av Yoggurht ønskjer alle ba",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Den norske bokbyen",
                "url": "https://allevents.in/org/den-norske-bokbyen/15567762",
                "description": "Den norske bokbyen"
            }
        ]
    }
]
```