

# Event Details

- **Event Name**: ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.  
- **Event Start and End Date**: Thu, 18 Jun, 2026 at 07:00 pm
- **Event Description**: «ÆTTEKLANG»
- Tonane smyg seg inn. Varmar. Rører. Sitrar. Tekstane;- ulukkeleg kjærleik, salmar om håp, taktfaste slåttar. Hjartestrengen svingar. Pulsen endrar seg. Slik den har gjort så mange gongar før i møta mellom desse gamle folkesongane og menneska. Dei gjev gjenklang i oss. Slik dei også gjorde i våre forfedrar og formødrer. I ei anna tid. I eit anna rom. No er songane komne til deg. I di tid. I ditt rom. 
Slik skriv dei om folketonane i denne konserten, der   Linda Røyseth Sandhåland (kveding) og Bjørn Schille (hybridgitar, baritongitar) utforskar det musikalske landskapet mellom kveding og ulike gitarar. Dei tek utgangspunkt i eldre folkesongmateriale som framleis har evna til å røre ved universelle kjensler i oss menneske, sjølv etter si lange vandring gjennom hundrevis av år. Tekstane og melodiane 
fortel historiar som kan trøyste, glede, overraske, kalle fram smilet eller på vemod. Det er ætteklang.

Linda Røyseth Sandhåland og Bjørn Schille er begge busett i Alver. Dei har samarbeidd i fleire formidlingsprosjekt med lokale barnesongar på Strilalandet dei siste 5-6 åra. Det var likevel først i 2025 at dei debuterte som duo då dei framførte mellomalderballaden "Draumkvedet" saman. Framføringa fekk svært positive tilbakemeldingar, og i 2026 vart deira tolking av "Draumkvedet" tilgjengeleg på CD og strøymetenester. 

Meir om artistane:
Linda Røyseth Sandhåland 
er utdanna folkesongar, song- og musikkpedagog frå Høgskolen i Telemark, Kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss og Griegakademiet ved Universitetet i Bergen. Ho er også logoped. Ho har fordjupa seg i vokal folkemusikk frå kysten av Hordaland og har lært folkesongar direkte frå eldre utøvarar, frå opptak og notar. Ho har drive som frilans folkesongar sidan 1995 og har brei erfaring som kurshaldar og pedagog. Linda har motteke fleire stipend og prisar for sitt arbeid, m.a. Hordaland fylke sitt utviklingsstipend i musikk (1997), Statoilprisen for Nordhordland og Gulen (1998), Ivar Medaas-prisen (2001) og Kulturstipend frå Alver kommune (2020).
 
Bjørn Schille 
kjem frå Kvinnherad, og er no busett i Alver. Han er utdanna klassisk gitarist ved Griegakademiet i Bergen, har master i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo og pedagogikk frå Norges musikkhøyskole. Bjørn har arbeidd som gitarpedagog frå 2009 og er tilsett i Alver kulturskule. Han utøver mykje på akustisk gitar og 7- og 8-strengs hybridgitar. Bjørn er aktiv frilansgitarist, og han har m.a. spelt i trioen «Try with Coffee» (pop/jazz), samt spelt konsertar i ei rekkje ulike konstellasjonar.
- **Event URL**: https://allevents.in/bergen/Ætteklang-ein-konsert-med-folketonar-i-moderne-etterklang/200030246776129
- **Event Categories**: Concerts, Music, Entertainment
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 0

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Bergen
- **state**: HO
- **country**: Norway
- **location**: Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norway
- **lat**: 60.52638
- **long**: 5.1547
- **full address**: Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norway, Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events9/banners/5de1b553204be70e6481969155c1e482e82e296185847c5b9cf1637816a898b5-rimg-w720-h960-dcffffff-gmir?v=1781590349

## FAQs

- **Q**: When and where is ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.   being held?
  - **A:** ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.   takes place on Thu, 18 Jun, 2026 at 07:00 pm to Thu, 18 Jun, 2026 at 07:00 pm at Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norway, Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway.
- **Q**: Who is organizing ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.  ?
  - **A:** ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.   is organized by Galleri Rustica.
- **Q**: Who is this event for? Is it right for me?
  - **A:** ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.   is ideal for live music fans, concert-goers, and anyone who enjoys unforgettable performances from their favorite artists in an electric live atmosphere. Whether you're a first-time attendee or a longtime enthusiast in Bergen, this event is thoughtfully curated to deliver a standout experience worth every moment. If ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.   sounds like your kind of event, don't wait - spots fill up fast.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "MusicEvent",
        "name": "ÆTTEKLANG. Ein konsert med folketonar i moderne etterklang.",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events9/banners/5de1b553204be70e6481969155c1e482e82e296185847c5b9cf1637816a898b5-rimg-w720-h960-dcffffff-gmir?v=1781590349",
        "startDate": "2026-06-18",
        "url": "https://allevents.in/bergen/Ætteklang-ein-konsert-med-folketonar-i-moderne-etterklang/200030246776129",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norway",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norge",
                "addressLocality": "Bergen",
                "addressRegion": "HO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "60.52638",
                "longitude": "5.1547"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "«ÆTTEKLANG»\n- Tonane smyg seg inn. Varmar. Rører. Sitrar. Tekstane;- ulukkeleg kjærleik, salmar om håp, taktfaste slåttar. Hjartestrengen svingar. Pulsen endrar seg. Slik den har gjort så mange gongar før i møta mellom desse gamle folkesongane og menneska. Dei gjev gjenklang i oss. Slik dei også gjo",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Galleri Rustica",
                "url": "https://allevents.in/org/galleri-rustica/25194668",
                "description": "Galleri Rustica, Frekhaug. 978 likes · 3 talking about this · 63 were here. http://www.gallerirustica.no/"
            }
        ]
    }
]
```