Ulstein frivilligsentral og Ulstein frivilligsentral UNG, saman med unge arrangørar, frivillige og ungdom frå valfaget "Innsats for andre" ved Ulstein Ungdomsskule, inviterer til Seniorfest.
På programmet blir det innslag frå sjølvaste Odd-Kåre Wiik. Han er kjent for sitt engasjement rundt lokalhistorie og -kultur, og er ein aktiv formidlar med både glimt i auge og humor. Temaet denne kvelden blir “språk og historier frå Søre Luten”. Dette vil du ikkje gå glipp av!!
Det blir også fleire musikalske innslag frå Oddgeir Nygjerde, Andreas Austnes Mork og Jenny Hammer Nygjerde, samt diktlesing av Turid Mette Dimmen.
Mellom innslaga vil det bli servert varm mat, kaffi og kaker, og det blir også loddsal med kjekke premiar.
Påmelding til frivilligsentralen på SMS
tlf. nr: 98 23 06 13, innan tysdag 28. oktober kl. 12:00. Arrangementet er GRATIS.
*Det er lurt og vere rask om ein vil sikre seg plass, då det blei venteliste i fjor. Arrangementet er primært for seniorar i Ulstein kommune, men vi opnar opp for andre om det er plass.
Velkomen!