

# Event Details

- **Event Name**: Salsutstilling med Odd Goksøyr, Roar Goksøyr Lillebø og Arnfinn Mork-Stordal
- **Event Start and End Date**: Sat, 07 Mar, 2026 at 01:00 pm – Sat, 07 Mar, 2026 at 05:00 pm
- **Event Description**: Laurdag 7. mars kl. 13.00 opnar vi utstilling med Odd Goksøyr, Roar Goksøyr Lillebø og Arnfinn Mork-Stordal på Bjørndals Minne.

OPNINGSTIDER
Laurdag 7. mars 13-17
Søndag 8. mars 13-17
Torsdag 12. mars 17-19
Laurdag 14. mars 13-17
Søndag 15. mars 13-17
Torsdag 19. mars 17-19
Laurdag 21. mars 13-17
Søndag 22. mars 13-17

GRATIS INNGANG

Odd Goksøyr har over år arbeidd vekselvis med eiga skriving (dikt, noveller, songar) og omsetting/gjendikting av dikt og songar, for eksempel songar av Leonard Cohen og dikt av den norskætta amerikanske lyrikaren Robert Bly og den shetlandske poeten Christine De Luca. Han har også tonesett dikt av t.d. Tomas Tranströmer, Jan Ove Ulstein og Øystein Orten i tillegg til eigne songar. 
I denne utstillinga har Goksøyr samarbeidd med dei to bildekunstnarane ved å skrive tekstar opp mot nokre av arbeida deira, ikkje for å forklare eller tolke bilda, men heller gå i ein open dialog der tekst og bilde gjensidig kan reflektere og opne kvarandre i ein gjensidig samtale. Tekstane vil bli å finne å lese ved bilda, og i form av små videoar på skjerm der Goksøyr les tekstane til bilde og lydkulissar. 
Videoane er også å finne på Goksøyr sin YouTube-kanal, her nokre døme:
https://youtu.be/OoZC4lh-soA
https://youtu.be/hwNU1i6ow5s
https://youtu.be/aBin3fSLDYA
https://youtu.be/rsgXISeeQ9o

Roar Goksøyr Lillebø har inga formell kunstutdanning, men har bakgrunn som musikar og komponist frå Bergens Musikkonservatorium. Sjølv om han alltid har vore visuelt orientert var det ikkje før i 2021 at han gjorde noko meir enn å sjå. Sidan dess har han hatt ein stor produksjon fargesterke bilde. Brorparten av desse på ulike treplater. Utanfor heimen i Hovdebygda har eit utval av desse vore utstilte ved to høve: I Borgund kyrkje i fjor haust og på Rundadagen året før. 
Med nokre få unntak er det ikkje titlar på bilda hans. Dette kan gi høve for den enkelte til å sjå og oppleve bilda friare. Lillebø gjev uttrykk for at det også for han har vore utvidande å lese Odd Goksøyr sin poetiske respons. Desse vil verte å sjå og høyre på skjerm på utstillinga.
Fjellformasjonar i Ørsta, Volda og Herøy er utgangspunktet for fleire bilde i hans produksjon. Nokre av desse vil ein kunne sjå på utstillinga. Elles likar kunstnaren å leike seg med ulike geometriske former (utan mål og meining).

Arnfinn Mork-Stordal har utdanning frå Oslo tegne- og malerskole samt Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo og er medlem i Norske grafikere. Han arbeider i teknikken tresnitt, ofte utført i stort format. Verka er djupt forankra i det narrative, med ei eksplisitt interesse for menneska sitt tilvære og de kjensler, erfaringar og historier som formar oss. Dette gjer han gjennom å plassere menneske i ulike settingar, ofte fanga i situasjonar som antydar val eller hendingar med potensielt djupe konsekvensar. Gjennom komposisjonane i tresnitt og trykkplater utforskar Arnfinn tema som siger og nederlag, sorg og glede, samt lengt etter kjærleik og å høyre til. Han inviterer tilskodaren til å utforske detaljar og ulike tolkingar, slik at kvar enkelt opplever verka ulikt. 
Siste åra har Arnfinn også arbeidd tverrfagleg, m.a. i samarbeid med Odd Goksøyr. Odd skriv tekstar som  freistar å kommunisere med Arnfinn sine bilde. Dette har mellom anna resultert i at eit portrett av Robert Bly har blitt nytta som bokforside.
- **Event URL**: https://allevents.in/aalesund/salsutstilling-med-odd-goksøyr-roar-goksøyr-lillebø-og-arnfinn-mork-stordal/200029759909219
- **Event Categories**: 
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 34

## Ticket Details

- **Ticket URL**: http://facebook.com/200029759909219?utm_source=AllEvents.in&utm_medium=event-discovery-platform&utm_campaign=aalesund-events

## Event venue details

- **city**: Aalesund
- **state**: MR
- **country**: Norway
- **location**: Bjørndals Minne
- **lat**: 62.34232
- **long**: 5.85096
- **full address**: Bjørndals Minne, Bjørndalvegen 4, 6065 Ulsteinvik, Norge, Aalesund, Norway

## Event Organizer details

- **affiliate_id**: 2
- **organizer**: Ulstein Kunstlag (https://allevents.in/org/ulstein-kunstlag/27533889)

## Event gallery

- **Alt text**: banner
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events1/banners/39b9ae04230de5c33945bd5c9dc1e85e3cd6c2d1c473976214bbaf0c01aef040-rimg-w1200-h1200-dc91908f-gmir?v=1772431639
- **Alt text**: thumbnail
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events1/banners/d546ef151ec12b33defc8c88ea8f7fc629af30c8d5e4ab4f09ad0c3127f92bbe-rimg-w300-h300-dc91908f-gmir?v=1772431639

## FAQs

- **Q**: When is the event happening?
  - **A:** Sat, 07 Mar, 2026 at 01:00 pm
- **Q**: Where is the event happening?
  - **A:** Bjørndals Minne, Bjørndalvegen 4, 6065 Ulsteinvik, Norge, Aalesund, Norway
- **Q**: Who is organizing the event?
  - **A:** Ulstein Kunstlag
- **Q**: What type of event is this?
- **Q**: Where can I find ticket details about Salsutstilling med Odd Goksøyr, Roar Goksøyr Lillebø og Arnfinn Mork-Stordal ?
  - **A:** You can find ticket details about this event on AllEvents.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Salsutstilling med Odd Goksøyr, Roar Goksøyr Lillebø og Arnfinn Mork-Stordal",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events1/banners/39b9ae04230de5c33945bd5c9dc1e85e3cd6c2d1c473976214bbaf0c01aef040-rimg-w1200-h1200-dc91908f-gmir?v=1772431639",
        "startDate": "2026-03-07",
        "endDate": "2026-03-07",
        "url": "https://allevents.in/aalesund/salsutstilling-med-odd-goksøyr-roar-goksøyr-lillebø-og-arnfinn-mork-stordal/200029759909219",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Bjørndals Minne",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Bjørndalvegen 4, 6065 Ulsteinvik, Norge",
                "addressLocality": "Aalesund",
                "addressRegion": "MR",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "62.34232",
                "longitude": "5.85096"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "Laurdag 7. mars kl. 13.00 opnar vi utstilling med Odd Goksøyr, Roar Goksøyr Lillebø og Arnfinn Mork-Stordal på Bjørndals Minne.\n\nOPNINGSTIDER\nLaurdag 7. mars 13-17\nSøndag 8. mars 13-17\nTorsdag 12. mars 17-19\nLaurdag 14. mars 13-17\nSøndag 15. mars 13-17\nTorsdag 19. mars 17-19\nLaurdag 21. mars 13-17\nS",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Ulstein Kunstlag",
                "url": "https://allevents.in/org/ulstein-kunstlag/27533889"
            }
        ]
    }
]
```