Denne konserten blir ein del av vår MiniFolkeMusikkFestival i Fosnavåg helga 17-19. april 2026. Laurdagskvelden opnar dørene kl. 20.00, og det blir live-musikk fram til Madam Jam kjem på scena kl. 21.00:
Med banebrytande runddansmusikk («gammaldans» på folkemunne) har Madam Jam raskt blitt ein favoritt i folkemusikkmiljøet. Dei lanserte debutalbumet "Van danse" i 2023, og har sidan spelt på fleire av dei store folkemusikkfestivalane i Noreg.
Madam Jam er eit møte mellom sju musikarar frå Innlandet som utforskar nye og spennande instrumenteringar og arrangement i runddansmusikken. Dei vartar opp med fengjande melodiar, frekke banjorytmar og danseappell i verdsklasse. Målet for gruppa er alltid å skape god stemning og danseglede, enten om du vil danse reinlender, polka og vals, eller berre hoppe i eufori i takt til musikken. Og sceneshowet viser at dei gjer stas på sjangeren: Glitter, hatt og fjær i stort monn! Denne våren lanserte Madam Jam sitt album nummer to, "Partykongen".