Luciakvelden skal lysast opp i Ulsteinvik i år igjen!
Bli med når vi samlast til Luciatog gjennom sentrum – ei varm og stemningsfull stund midt i mørketida 💛
🕓 Når: Laurdag 13. desember kl. 16.00
📍 Start: Rådhuset i Ulsteinvik
🎵 Mål: Gapahuken på Skollebakken
📌 Hugs å ta med eigen fakkel
Vi startar ved rådhuset med tenning av faklar og musikk 🎺 før toget går samla gjennom Trivselsgata. Undervegs blir vi møtt av song og tonar frå fleire lokale musikarar 🎶
Ved gapahuken ventar ei koseleg avslutning med gløgg, lussekattar og meir song.
Før Luciatoget vert det gratis julekino på Sjøborg kl.14 - der viser vi Jul i Flåklypa (sjå eige arrangement).
💫 Ta med familie, vener og naboar – små og store er velkomne til å delta i toget, eller berre kome for å nyte stemninga langs ruta.
Luciatoget er ein del av Julstein adventskalender, som skal skape varme, fellesskap og glede i førjulstida 💛
Hjerteleg takk til Mjøl & Meir som sponsar med lussekattar!