Introkurs: Kom i gang med styrketrening!, 14 October | Event in Aalesund | AllEvents

Introkurs: Kom i gang med styrketrening!

PT - Henriette Hansen

Highlights

Tue, 14 Oct, 2025 at 07:30 pm

Heid Tursti

Advertisement

Date & Location

Tue, 14 Oct, 2025 at 07:30 pm (CEST)

Heid Tursti

Bergshaugen 2A, 6091 Herøy, Norge, Aalesund, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Introkurs: Kom i gang med styrketrening!
KVA FÅR DU UT AV DETTE STYRKETRENING-KURSET?
I dette introkurset skal du lære eit basic treningsprogram du kan gjennomføre heime, eller der du ønsker. Du skal lære rett teknikk, og måtar å sette saman styrketreninga på som motiverar deg til å gjennomføre. Det fins eit oppsett for alle dagsormer! I løpet av desse seks vekene går vi gjennom seks ulike måtar å sette saman treningsøktene på, med same styrkeøvelsane. Øvelsane er heilt enkle og basic, og du vil ikkje trenge noko form for treningsutstyr.

Styrketrening skal ikkje være kjedeleg, men eit supplement i til din livsstil, som gir deg ein sterkare kropp som toler belastninga kvardagen gir. Etter seks veker kan du velje å være med i nye seks veker for enda betre innføring, eller gjennomføre treninga for deg sjølv.

For pris, påmelding, tid og stad, sjå lenger nede.


KVIFOR PRIORITERE STYRKETRENING?
Det er godt dokumentert at styrketrening er viktig. Styrketrening vil ikkje berre redusere smerter i kroppen, men også førebyggje fedme, beinskjørheit, diabetes, depresjon, slitasjegikt eller hjarte- og karsjudom. Du vil oppnå stor gevinst ved å trene styrke 1-2 gongar per veke. Trenar du rett vil styrketrening garantert vere eit positivt tilskot i din livsstil.

Styrketrening fører til ein sterkare kropp som toler meir belastning, og reduserar risikoen for ei rekkje sjukdomar og kroppslege plager. I tillegg gir deg det betre søvn. Gevinsten av dette vil vere ein frisk kropp, med fråvær av sjukdom.

For å oppnå alle desse positive effektane er det viktig at treninga skjer jamt, gjennom heile året. 1-2 gongar per veke vil gjer at du kan hauste alle fordelane styrketreninga gir.


TID OG STAD
Treningane vil foregå utandørs, lokalisert ulike stader på Bergsøya. Når været tillet det er vi på grusbana på Heid. Ved dårleg vær er vi under tak, der det høver best.

Tidspunkt vil være tysdagar kl. 19.30-20.30

Datoar for dette kurset er 14.10-18.11

Veke 1 - lær ordinær 3x10 trening
Veke 2 - lær superset-trening
Veke 3 - lær tabata-trening
Veke 4 - lær 40/20 intervallar
Veke 5 - lær pyramidetrening
Veke 6 - lær 500 repetisjonar

NB! Alle treningsøktene består av same øvelsane.


PÅMELDING OG PÅMELDINGDSFRIST
Gruppa har maksimalt 8 plassar, og vert starta opp med forbehald om minimum 4 påmelde.

For å melde deg på kan du:
Sende melding i innboksa i
Sende SMS til tlf. 93825654
Sende e-post til aGVucmVpaGFuIHwgZ21haWwgISBjb20=

Påmeldingsfrist er torsdag 09.10.25

Bindande påmelding.


PRIS OG BETALING
Pris for heile kurset er 1590 kr, og førehandsbetalast seinast 12.08 via faktura sendt på e-post.


You may also like the following events from PT - Henriette Hansen:

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

To stay informed about ticket information or to know if tickets are not required, click the 'Notify me' button below.

Advertisement

Nearby Hotels

Heid Tursti, Bergshaugen 2A, 6091 Herøy, Norge, Aalesund, Norway
Get updates and reminders

Host Details

PT - Henriette Hansen

PT - Henriette Hansen

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Introkurs: Kom i gang med styrketrening!, 14 October | Event in Aalesund | AllEvents
Introkurs: Kom i gang med styrketrening!
Tue, 14 Oct, 2025 at 07:30 pm