Search results for:
No result found! Try with different keywords!
Users
Organizers
Events
Advertisement
Oh Snap, this is a past event! 😵

Do you want to get notified when this event happens again?

Holum Trio - releaseturné - "Borte"

Advertisement

Holum Trio - releaseturné - "Borte"


Vi slepp ny plate og inviterer til releasefest!

Holum Trio spelar ærlig og utadvendt improvisasjonsmusikk forankra i sterke komposisjonar. Sidan starten i 2011 har trioen spelt over 70 konsertar i inn og utland og held stadig eit høgt aktivitetsnivå.

Bandet utforskar krysninga mellom improvisasjonsmusikk og meloditeften i moderne pop. Dette resulterer i musikk som er utadvendt og tilgjengelig, framsynt og open. Med ei særeigen instrumentsamansetning der musikarane gjev rom for melodiske og dynamiske klangflater og vågar å la ein enkel melodi skape spenning, skapar trioen ny norsk og særeigen jazzmusikk.

I januar 2015 ga vi ut vår første plate «Heim» på NORCD. Der denne plata er inspirert av Sunnmøres dynamiske natur og nostalgi og heimlengsel, søker vårt nye låtmateriale utover landegrensene. Sidan den første plata har vi møtt mange nye kulturar og musikalske uttrykk på våre reiser og studier, og ønsker å implementere dette i vår musikk.

Plata «Borte» sleppes på AMP Music 1.februar 2019 og fokuserer på vår musikalske reise sidan den første plata. Lyden av afrikanske rytmer, arabisk tonalitet, nordisk harmonikk og europeisk frijazz med ein fot fortsatt planta i Norge, danner lyden av vår andre plate.

Vegard Holum - trompet
Stian Andreas Egeland Andersen - bass
Øystein Aarnes Vik - trommer

Lyspunktet, Ålesund
22.februar kl.20:00
cc: 150,-



Map Lyspunktet As, Kipervikgata 1 A, 6003 Ålesund, Norway, Aalesund, Norway
Loading venue map..
Report a problem

Are you going to this event?

Advertisement