Gerhard Voldnes veg 11, 6090 Fosnavåg, Norge, Aalesund, Norway
Save location for easier access
Only get lost while having fun, not on the road!
About the event
Erlend Ropstad solo!
Dette blir ei eksklusiv konsertoppleving og ei kjekk anledning til å oppleve Erlend Ropstad solo. Vi legg konserten til Madelynn Coffee slik at publikum kan planlegge musikk med mat og drikke.
Sist han var i Fosnavåg var i fjor sommar på Afterrun-konserten etter Fyr til fyr-løpet. Erlend kom med debut-album i 2006 og når vi skriv februar 2026, er det 20-årsjubileum for ei suksesshistorie innan norsk musikk, med ein artist som utvilsamt har eit heilt eige kunstnarisk uttrykk. Veldig få, om nokon, beherskar å skrive så Rock på norsk med så høg kvalitet. Han har sakte bygt opp ein trufast tilhengarskare med å skrive gode låtar og spele mange konsertar. Denne soloturnén dekkjer heile landet, og vi er glade for at Fosnavåg er stoppestad!
Dei 40 første plassane i største salen er utselde! Dei siste 20 til bar-området er lagt ut for salg. Til konserten med Erlend Ropstad på Madelynn Coffee kan dei som har billett kjøpe seg mat og drikke. Friviljug, men koseleg! Menyvalg for kvelden blir: 2 (nye) burger-alternativ eller salat.