Advertisement
Avskjedskonsert med Hurricane - Teaterfabrikken 16.02.19
Hurricane
”The Songs of Dylan”
”Hurricane” er på veg til Ålesund for siste gong. Orkesteret, som hyllar Bob Dylan sitt skaparverk, spelar avskjedskonsert på Teaterfabrikken laurdag 16. februar.
Tom Raab er ein ekte tilhengar av Bob Dylan. Han er og ein god Dylan-tolkar, og både syng og spelar munnspel ganske likt originalen.
Å starte sitt eige band med berre Dylan-låtar på programmet var ein draum for Tom. No har draumen vore realitet i meir enn 10 år, og «Hurricane» har spelt konsertar i kulturhus, på utestader og i kyrkjer i store delar av fylket vårt
Bandet er i dag eit ekte rockeband. Halstein Kurseth på trommer, er kjend frå fleire samanhengar - helst frå ”Bluehorn Jazzband”. For å få den autentiske lyden, måtte det eit Hammondorgel til. Svein Arne Furset frå orkesteret ”JOY”, trakterer eit slikt, og takka straks ja til å vere med på prosjektet. I det siste har multi-intrumentalisten Morgan Pedersen kome med på gitarar. Peder Lundanes spelar bass, og far og son Sigurd og Geir Olav Drege er med på perkusjon, song og gitarar. Gjesteartistar på avskjedskonserten blir Øystein Braaten og Kjetil Kleiva Lervåg.
Publikum får høyre eit rikt utval av Bob Dylan sine fantastiske songar på fleire språk og i ymse stilartar, og både viser, blues, bluegrass og rock er med når Hurricane er på scena for siste gong.
”Hurricane”
Vocals & bluesharp: Tom “The Bob” Raab
Guitars: Morgan “Monkeyman” Pedersen
Hammond organ: Svein “The Jokerman” Furset
Bass & Vocals: Peder “The Man with The Long Black Coat” Lundanes
Drums & Vocals: Halstein “The Man of Constant Sorrow” Kurseth
Vocals, bluesharp & Percussion: Sigurd “Mr. Tambourine Man” Drege
Guitars: Geir Olav “Billy the Kid” Drege
You may also like the following events from Teaterfabrikken i Ålesund:
Liked this event? Spread the word :