

# Event Details

- **Event Name**: Spesialvisning av filmen "HAVFOLKET"- med regissørbesøk
- **Event Start and End Date**: Mon, 26 Jan, 2026 at 11:30 am
- **Event Description**: ?????????
Måndag 26. januar får Bømlo kino besøk av regissør Elisabeth Kleppe i samband med visninga av dokumentarfilmen Havfolket. Arrangementet er ein del av dagkinoprogrammet, og publikum kan sjå fram til ei varm og engasjerande hyllest til kystfolket, sett gjennom eit heilt århundre med unikt arkivmateriale.

I filmen vil ein mellom anna få sjå arkivklipp frå Sunnhordlandsregionen, i tillegg til fiskeri- og kystliv frå heile landet. Mange vil kjenna att både landskap, arbeidskvardag og livsform, særleg dei som sjølve har hatt havet som arbeidsplass og livsgrunnlag.

Etter filmvisninga vil kulturhusleiar Hanne Jacobsen leie ein samtale med regissør Elisabeth Kleppe. Ho besøkte sist Bømlo i samband med filmen De rettsløse, og denne gongen vil ho fortelje om arbeidet med å leite fram og setje saman det omfattande arkivmaterialet, samt kvifor ho har valt å lage nettopp Havfolket.

Etter samtalen inviterer me til uformelt samvær med kaffi i foajeen.

Havfolket er ein vittig, poetisk og hemningslaus hyllest til menneska og livet langs norskekysten. Filmen er sett saman av unike filmskattar frå over 100 år, og fortald med stemmene til kysten sjølv. Her møter me eit liv vendt mot havet og horisonten, tett på vér, vind og ei utemmeleg natur, og langt frå maktas sentrum.

Menneska langs den ville kysten har klort seg fast på øyer, holmar og i fiskevær i uminnelege tider. Kva har dette gjort med lynne, levesett og livssyn? Har havets folk ein eigen identitet – og lever denne vidare i dag?

På 90 intense minutt komprimerer Havfolket over eit hundreår med arkivopptak til det som kan kallast eit filmatisk leirbål – ei forteljing om ein kultur mange av oss er djupt forankra i, og som alle har eit forhold til.

Filmen er laga av Aldeles, som tidlegare står bak mellom anna De rettsløse og Bergen, i all beskjedenhet. 

?? ??????Ø???
Regissør Elisabeth Kleppe står bak dokumentarfilmen Havfolket. Ho er kjend for å lage varme, menneskenære og engasjerande filmar med tydeleg forankring i norsk kvardag og kultur. I arbeidet sitt er ho særleg oppteken av identitet, fellesskap og historier som spring ut av levd liv.

I Havfolket kombinerer Kleppe eit rikt arkivmateriale med sterke forteljarstemmer, og skaper eit levande og kjenslenært portrett av kystkulturen og menneska som har forma henne. Med eit sikkert blikk for både det historiske og det personlege løftar ho fram kvardagslivet langs kysten som ein viktig del av den norske forteljinga.

Arrangementet er sponsa av: @Sparebanken Norge
- **Event URL**: https://allevents.in/%C3%98len/spesialvisning-av-filmen-havfolket-med-regissørbesøk/200029390792257
- **Event Categories**: entertainment
- **Interested Audience**: 
  - total_interested_count: 112

## Ticket Details


## Event venue details

- **city**: Ølen
- **state**: RO
- **country**: Norway
- **location**: Bømlo kino
- **lat**: 59.794818082601
- **long**: 5.1718673244192
- **full address**: Bømlo kino, Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes, Norge, Ølen, Norway

## Event gallery

- **Alt text**: Spesialvisning av filmen &quot;HAVFOLKET&quot;- med regissørbesøk
  - **Image URL**: https://cdn-az.allevents.in/events2/banners/1be7bd583107403af2a589ccd15304e92afb4b6ed44e8fc657be4da819a2ef3b-rimg-w1200-h628-dcf4eddd-gmir?v=1768969666

## FAQs

- **Q**: When and where is Spesialvisning av filmen "HAVFOLKET"- med regissørbesøk being held?
  - **A:** Spesialvisning av filmen &quot;HAVFOLKET&quot;- med regissørbesøk takes place on Mon, 26 Jan, 2026 at 11:30 am to Mon, 26 Jan, 2026 at 11:30 am at Bømlo kino, Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes, Norge, Ølen, Norway.
- **Q**: Who is organizing Spesialvisning av filmen "HAVFOLKET"- med regissørbesøk?
  - **A:** Spesialvisning av filmen &quot;HAVFOLKET&quot;- med regissørbesøk is organized by Bømlo kino.

## Structured Data (JSON-LD)

```json
[
    {
        "@context": "https://schema.org",
        "@type": "Event",
        "name": "Spesialvisning av filmen &quot;HAVFOLKET&quot;- med regissørbesøk",
        "image": "https://cdn-az.allevents.in/events2/banners/1be7bd583107403af2a589ccd15304e92afb4b6ed44e8fc657be4da819a2ef3b-rimg-w1200-h628-dcf4eddd-gmir?v=1768969666",
        "startDate": "2026-01-26",
        "url": "https://allevents.in/%C3%98len/spesialvisning-av-filmen-havfolket-med-regissørbesøk/200029390792257",
        "location": {
            "@type": "Place",
            "name": "Bømlo kino",
            "address": {
                "@type": "PostalAddress",
                "streetAddress": "Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes, Norge",
                "addressLocality": "Ølen",
                "addressRegion": "RO",
                "addressCountry": "NO"
            },
            "geo": {
                "@type": "GeoCoordinates",
                "latitude": "59.794818082601",
                "longitude": "5.1718673244192"
            }
        },
        "eventAttendanceMode": "https://schema.org/OfflineEventAttendanceMode",
        "description": "?????????\nMåndag 26. januar får Bømlo kino besøk av regissør Elisabeth Kleppe i samband med visninga av dokumentarfilmen Havfolket. Arrangementet er ein del av dagkinoprogrammet, og publikum kan sjå fram til ei varm og engasjerande hyllest til kystfolket, sett gjennom eit heilt århundre med unikt ar",
        "organizer": [
            {
                "@type": "Organization",
                "name": "Bmlo kino",
                "url": "https://allevents.in/org/bømlo-kino/26161828"
            }
        ]
    }
]
```