Sunde Kyst- og Litteratursenter vil i samarbeid med Kvinnherad bibliotek løfta fram og feira Solfrid og Kenneth Sivertsen.
To begåva søsken, Solfrid og Kenneth Sivertsen fortener merksemd. Solfrid, forfattar og Kenneth, komponist/musikar. Dei har begge vore viktige stemmer i Sunnhordland, vestlandsk og nasjonalt kulturliv. 21 mars kan ein få rike opplevingar og meir innsikt i deira verk gjennom førelesningar og musikalske tolkingar og framføringar. Dei er fødde og oppvaksne på Bømlo, Mosterhavn. Begge har m.a synt stor kjæleik til landskapet og opphavet sitt gjennom verka sine.
Solfrid Sivertsen:
Nokon har sagt at Solfrid Sivertsen sin forfattarskap er ein gøymd skatt. Ho debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Diktsamlinga Bortanfor mellomste rommet kom i 1988 og debutromanen Grøn koffert i 1994. Ho har gitt ut fleire barnebøker, den første var På ein krakk, på ein stol (1998). Seinare har det kome fleire kritikarrosa novellesamlingar. «Sivertsen skriv lyrisk, utan klisjear og med innsikt om tilsynelatande kvardagslege ting utan å sjokkere. Ho skriv om omsorg, kvardagsliv, barndom, lagnader, lengt, sanning og livsløgner. Ho meistrar kombinasjonen av stillfarande realisme og stor dramatikk.»
Kenneth Sivertsen:
Han hadde unike musikalske evner som gitarist og slo for alvor igjennom nasjonalt og internasjonalt med Remembering North, eit stjernespekka album produsert av den amerikanske vibrafonisten Mike Mainieri. Visesongaren Sivertsen kjem fram i Draumespor, med tekstar av mellom anna William Shakespeare Han komponerte to symfoniar og fleire bestillingsverk for ulike oppdragsgjevar, m.a Carte Blanche. Sommaren 2001 fekk han i oppdrag frå Bergen Filharmoniske Orkester å komponere eit requiem, og Sivertsen vart såleis første nordiske komponist med eit eige requiem. Verket, ei dødsmesse med norske tekstar iblanda jazz- og rockelement, fekk si urframføring våren 2003 i Grieghallen i Bergen.
Sivertsen skreiv tekstar til musikken sin sjølv, men tonesette også tekstar frå forfattarar, som m.a Haldis Moren Vesaas, Jon Fosse og Birger Røksund frå heimstaden. Han dreiv eit utstrakt samarbeid med andre musikarar, forfattarar og skodespelarar i eigne og andres produksjonar og turnerte med ulike ensemble. Kenneth Sivertsen døydde i 2006 og er diverre ikkje med oss lenger. Solfrid Sivertsen vil vera med oss på seminaret med opplesing og utveksling.
Tinging av billettar kan gjerast på Sunde kyst og litteratursenter via Bergslagen.hoopla.no (kr 250,- Lunsj og kaffi er inkludert i prisen)
PROGRAM
11.00 Opningsord ved konfransier Musikk av Kenneth Sivertsen framført av vokaltrio Gabriela Garrubo (vokal), Johannes Vaage (gitar og vokal) Nils Henrik Sagvåg (kontrabass)
11.30 - 11.40 Solfrid Sivertsen les
11.45 - 12.30 Elin Stengrundet snakkar om barnelitteraturen til Solfrid Sivertsen
12.30 Lunsj
13.00 Eli Fossdal Vaage les
13.10 Ingrid Nielsen snakkar om vaksenlitteraturen til Solfrid Sivertsen
13.50 Kaffepause
14.00 Opplesing/ samtale om noveller av Solfrid Sivertsen. Ei samtalegruppe, leia av Trude Hege Bergesen.
14.30 Musikalsk foredrag om Kenneth Sivertsen av Njål Vindenes
15.00-15.30 Musikk av Kenneth Sivertsen framført av vokaltrio
Also check out other Music events in Ølen, Entertainment events in Ølen.