Englandsfarere (1946), 8 May | Event in Ålesund | AllEvents

Englandsfarere (1946)

Løvenvold Theater

Highlights

Thu, 08 May, 2025 at 06:00 pm

Løvenvoldgaten 11, 6002 Ålesund, Norway

Advertisement

Date & Location

Thu, 08 May, 2025 at 06:00 pm (CEST)

Løvenvoldgaten 11, 6002 Ålesund

Løvenvoldgata 11, 6002 Ålesund, Norge, Ålesund, Norway

Save location for easier access

Only get lost while having fun, not on the road!

About the event

Englandsfarere (1946)
Det er åtti år sidan den tyske okkupasjonen av Noreg tok slutt. Korleis forstod nordmenn denne tida i samtida? Det er no svært få som hugsar denne tida sjølv. Som ei markering av åttiårsdagen for freden inviterer vi publikum til å oppleve filmen Englandsfarere frå 1946, på Løvenvold theater. Det var også i dette kinoromet ålesundarar opplevde filmen like etter krigen.

Før filmen vil historikar Oddbjørn Hofseth (f. 1978) halde ei innleiing om filmen og historia som ligg bak. Hofseth jobbar mest med lokal og regional historie, og han har bakgrunn som dokumentarfilmskapar. Han underviser i den vidaregåande skulen, og held føredrag og workshops for Høgskulen i Volda og andre historiefaglege forum. Han er for tida også aktuell i ein podcastserie for Sunnmørsposten, om krigen.

Filmen er basert på krigsromanen til Sigurd Evensmo med same namn. Vi følgjer dei to norske motstandsmennene Harald (Knut Wigert) og Arild (Jørn Ording) som er på flukt frå Gestapo. Dei ønsker først å kome seg over grensa til Sverige, men ombestemmer seg og skaffar seg plass på ei lita skøyte som skal gå frå Ålesund til Storbritannia. Båten får problem, og dei kjem seg aldri over Nordsjøen. Nordmennene vert oppdaga av tyske soldatar og tatt til fange. Det mørke bakteppet for forteljinga er at forfattaren, Evensmo, var ein av dei 27 passasjerane om bord i “Viggo” då Rinnanbanden gjekk til åtak i Ålesund i 1942. Evensmo overlevde, men 19 måtte bøte med livet.

Englandsfarere er ein av dei første kulturelle handsamingane av andre verdskrigen i Noreg. Filmen fekk også ein særleg viktig posisjon på Sunnmøre, då filmen tok føre seg dramatiske og epokeendrande hendingar som spelte seg ut på Sunnmøre. Filmen i seg sjølv fortel éi side av minnekulturen, men mottakinga er vel så viktig for å forstå samtida si oppleving.


You may also like the following events from Løvenvold Theater:

Also check out other Business events in Ålesund, Workshops in Ålesund, Arts events in Ålesund.

interested
Stay in the loop for updates and never miss a thing. Are you interested?
Yes
No

Ticket Info

Tickets for Englandsfarere (1946) can be booked here.

Advertisement

Event Tags

Nearby Hotels

Løvenvoldgaten 11, 6002 Ålesund, Norway, Løvenvoldgata 11, 6002 Ålesund, Norge,Ålesund, Norway

Just a heads up!

We have gathered all the information for you in one convenient spot, but please keep in mind that these are subject to change.We do our best to keep everything updated, but something might be out of sync. For the latest updates, always check the official event details by clicking the "Find Tickets" button.

Reserve your spot

Host Details

Løvenvold Theater

Løvenvold Theater

Are you the host? Claim Event

Advertisement
Englandsfarere (1946), 8 May | Event in Ålesund | AllEvents
Englandsfarere (1946)
Thu, 08 May, 2025 at 06:00 pm